SAMFUNNSDEMOKRATANE VIL TA MAKTA TILBAKE!

Det politiske miljøet treng styrking og nytenking.

Vi ønskjer å styrkje kampen mot forskjells -Norge og ei nedbygging av gode offentlege fellestenester. Styring og forvaltning av offentlig sektor er eit politisk ansvar og må halde fram med å vere under demokratisk kontroll.

Demokrati eller marknadsmakt? Offentleg eller privat velferd?

Dette har lenge vore sentrale motpolar i kampen om samfunnsutviklinga.Vi vil ha rask og god service for innbyggjarane. Lovverket må utformast slik at det blir muleg å føre ein ansvarleg, medmenneskeleg og samfunnsøkonomisk politikk.

Kort avstand mellom politikarane og veljarane.

Dette kan ein løyse ved at lokale saker vert avgjort lokalt. Vi vil spørje innbyggarane til råds gjennom open dialog, og via nye media. Slik mellom anna helseføretaksmodellen har utvikla seg, er den det største og alvorlegaste eksempelet på kor det går når ei offentleg teneste, blir styrt som eit privat føretak. Det er gjennom privatisering, avregulering, anbod og konkurranseutsetjing at marknadskreftene i aukande grad har trengt seg inn i dei offentlege velferdstenestene dei siste tiåra. Og vedtektene til oljefondet hindrar oss i å investere meir i eige land.

Internasjonale institusjonar og avtalar, som EU/EØS, Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken og Verdens handelsorganisasjon (WTO), har vore viktige instrument for å fremje ei slik utvikling. For Norge og Europa er det særleg EU/EØS som har vore pådrivaren. Det eine direktivet etter det andre har gjeve oss meir og meir detaljerte regelverk for korleis vi skal drive. Og byråkratiet veks, istadenfor at ein kan bruke kreftene og arbeidsstyrken til verdiskaping og gode tenester. Innan offentlege innkjøp av varer og tenester har utviklinga skapt nesten eit anbodshysteri  i både stat, fylkeskommunar og kommunar. Redsla for å gjere feil, eller bli dømt i EØS-domstolen, har blitt ein stor trussel som svekkjer den politiske involveringa og handlingsrommet.
Dei politiske myndigheitene, inkludert den sitjande regjering, har mykje av ansvaret for dette. I stort omfang spyr dei ut regelverk og rettleiing som avgrensar handlingsrom og skaparevne.

Vi ønskjer å styrkje kampen mot forskjells -Norge og ei nedbygging av gode fellestenester. Styring og forvaltning av offentlig sektor er et politisk ansvar og må halde fram med å vere under demokratisk kontroll.Demokrati eller marknadsmakt. Offentleg eller privat velferd. Dette har lenge vore sentrale motpolar i kampen om samfunnsutviklinga.

Samfunnsdemokratane vil ta makta tilbake.