Om SD

Fanesaker:

• Motverke sentralisering.
• Byggje og vedlikehalde infrastruktur.
• Rettferdig fordeling av verdiskapinga.

Samfunnsdemokratane vart stifta 8.mars 2011 på Sandane i Gloppen, Sogn og Fjordane.
Initiativtakar: Gunnvor A. Sunde, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane.
Tidlegare Arbeidarpartirepresentant i Gloppen kommunestyre og Fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Partiet Samfunnsdemokratane skal grunnleggast på kristne/humanistiske verdiar, og ha som mål å ta vare på Norge som eit fritt og sjølvstendig samfunn. Heile landet skal takast i bruk til busetnad og verdiskaping.
Gjennom godt utbygd infrastruktur sikre like høve til utvikling i heile landet.
Samfunnsdemokratane er plassert til sentrum/ venstre med blandingsøkonomi, dvs balanse mellom privat næringsliv og tilrettelegging frå det offentlege.

Styret og listekandidatane til Samfunnsdemokratane har brei kompetanse, og det felles at vi syns samfunnsutviklinga har teke ei uheldig retning.
Samfunnsdemokratane vil setje mennesket i fokus.
Norge har store verdiar som må brukast til å gjere Norge robust og meir sjølvberga for framtida.
I staden er vi vitne til at det utviklar seg større forskjellar, gode offentlege tenester blir utsett for nedskjering/nedbygging, og det er for lite satsing på utbygging/vedlikehald av infrastruktur.

 

MÅL:

Å byggje eit parti som blir representert i det neste Stortinget.
Som ein start stiller vi liste til kommunevalet i Gloppen, og Fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane.
Vi ønskjer eit verdig liv for alle, med menneska i sentrum, istadenfor pengane.
Vi ønskjer å bidra til positiv, skapande og løysingsorientert utvikling lokalt, regionalt, globalt.
Vi ønskjer å setje kreative prosessar i gong for å bruke personlege og naturgjevne ressursar.

 

Les meir her

Program Samfunnsdemokratane

Program Gloppen

 

 

GJE DI STØTTE

Om du likar Samfunnsdemokratane sin politikk, gje støtta di på konto 37051930437, og/eller teikn medlemskap.

 

LAST NED LOGO

Zip-fil som inneheld den offisielle SD-logoen kan lastast ned her.