• Leiaren for SD på Vestlandsrevyen i kveld

    Samfunnsdemokratane fekk fornya tillit i Gloppen og 4 nye år i kommunestyret. SD takkar veljarane våre for tilliten der representanten vår fekk desidert flest slengarar. Lenke til saka på Vestlandsrevyen her. Begynner 06:30 i klippet.

    Postet 11. september 2019
  • Takk til SD sine veljarar!

    Val er val, vi feirar at vi fortsatt er inne i kommunestyret, og hadde sjølvsagt håpa på at fleire ønskte oss med vidare. Takkar dei som stemte på SD. ❤👍

    Postet 9. september 2019
  • Lesarinnlegg frå leiaren

    Samfunnsdemokratane (SD) oppmodar alle til å bruke røysteretten sin. På lista vår er det samfunnsengasjerte kvinner og menn frå sjølvstendig næringsdrivande til bønder, arbeiderar både frå det private og det offentlege. Felles for alle er at vi ønskjer lokalt sjølvstyre og lokalt eigarskap med Gloppen som eiga kommune inn i framtida. SD har siste perioden kome med mange innspel til sentrumsplanen fordi den er viktig for folk flest. For oss er det viktig å bli så store ...

    Postet 5. september 2019
  • En politisk periode er over

    Siste kommunestyret i Gloppen denne perioden. Forslaget ifra Samfunnsdemokratane i vindkraftsaka vart samrøystes vedteke; siste saka i perioden. Så er det berre å håpe på fornya tillit for neste periode.   Lenke til video opptak ifrå kommunestyre møtet her. Bla nedover til venstre for å sjå alle sakene.

    Postet 29. august 2019
  • Program og valliste 2019

    Program Samfunnsdemokratane 2019

    Postet 18. august 2019
  • Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

    Gunnvor A. Sunde er SD sin ordførarkandidat og representerer SD i kommunstyret, formannskap og oppvekstutvalet. Ho har allsidig politisk erfaring 2 siste periodar i Gloppen kommunestyre, før det 2 periodar i Fylkestinget, og tidligare 2 periodar i kommunestyret i Gloppen. I tillegg til forskjellige styreverv, mellom anna Helse Vest. I jobben sin har ho sett Gloppen på matkartet, ved å leie landets beste intitusjonskjøkken. Ho er ...

    Postet 15. august 2019
  • Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

    Hans Ole Andenæs er miltøterapeut og har eit sterkt engasjement for lokalmiljøet. På fritida er han oppteken med Fjæra Bluesklubb og Røde Kors hjelpekorps. Politisk er han særs interessert i utviklinga av Sandane sentrum og oppvekst forholda for barn og unge. I inneverande periode er han vara til oppvekstutvalet.     Kjellrunn Hjeltnes har allereie representert SD i fleire verv. ...

    Postet 8. august 2019
  • Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

    Daniel Skjerdal er bonde i skjerdalen og er oppteken av at Gloppen skal vere en god kommune for både unge og eldre. Han er oppteken av god infrastruktur. Lokalt engasjement er viktig for utvikling av kommunen for at også nye kan trivast, busetje seg og jobbe her. Daniel er opptatt av at vi skal halde fram med fokus på mat, lokale produkt og opplevingar.    

    Postet 23. juli 2019
  • 22. juli – Vi må aldri gløyme

    Vi må stå opp for demokrati, fridom og fred. Markering ved minnesmerket i Stryn kl. 16:00 idag. Ord til ettertanke i diktet Aust-Vågøy av Inger Hagerup. De brente våre gårder. De drepte våre menn. Lå våre hjerter hamre det om og om igjen. La våre hjerter hugge med harde, vonde slag: De brente våre gårder. De gjorde det i dag. De brente våre gårder. De drepte våre menn. Bak hver som gikk i døden. Står tusener igjen. Står tusen andre samlet I steil og naken tross. Å, døde kamerater, De ...

    Postet 22. juli 2019
  • Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

    Samfunnsdemokratane vil presentere både listekandidatar og program i vekene framover. Vi er godt fornøgde med å stille med ei likestilt liste i motsetnad til mange andre Gloppen-lister. I dag presenterar vi to som har vore med sidan stiftinga av SD.       Edgar Roald Magnar Kvernevik sivilingeniør av utdanning, sjølstending næringsdrivande, fødd 1962, har representert SD dei to siste periodane i kommunestyret. Han stiller på lista denne gongen lenger ...

    Postet 29. juni 2019
  • SD ønskjer alle ei god og fredfull 17.mai feiring

    Gud signe vaart dyre Fedraland Og lat det som Hagen bløma! Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand Og Vetter fyr Vaarsol røma! Lat Folket som Brøder saman bu, Som Kristne det kann seg søma! No er det i Norig atter Dag Med Vaarsol og Song i Skogen. Um Sædet enn gror paa ymist Lag, Det brydder daa etter Plogen. So signe daa Gud det gode Saad, Til Groren ein Gong er mogen!

    Postet 16. mai 2019
  • Frigjeringsdagen 8. mai

    Gratulerer med frigjeringsdagen 8. mai. På denne dagen i 1945 vart det tyske hakekorsflagget erstatta av vårt eige norske, vakre flagg  la oss ta vare på freden! Må alle få en fin dag slik som her og måtte det vaie mange flagg i Norge i dag!

    Postet 8. mai 2019
  • Leve heile livet

    Samfunnsdemokratane ønskjer den nye eldre- og folkehelseministeren Sylvi Listhaug lukke til med å gjennomføre kvalitetsreforma for eldre!

    Postet 4. mai 2019
  • Partileiaren tenkjer på 1.mai og mottoet sterkare fellesskap. Å kome heim og sjå denne potterosa med roser i fleire fargar, og som i tillegg dannar eit hjerte  kunne neppe fått ein betre inngong til 1.mai og alle kampar som enno må kjempast! Samfunnsdemokratane ønskjer god 1.mai!

    Postet 30. april 2019
  • Statsminister og statsråd besøk

    I dag kunne Gloppen Kommunale kjøkken opne døra inn til kjøkkenet for Statsminister Erna Solberg og hyggeleg møte også med eldre-og folkehelseminister Åse Michaelsen og mange fleire. Dei tok seg tid til å snakke med dei eldre og smake på maten som kjøkkenet tilbyr gjestane sine, dei ser på alle som likeverdige gjester ved sitt bord. Tidspunktet ga menyen: smoothie, bær og frukt. Og når kompe/kompar/klubb som var dagens meny var litt for tidlig å ...

    Postet 25. april 2019
  • Samfunnsdemokratane vil ønskje alle God Påske med denne årsmøteuttalen

    Vi FRYKTAR FORSLAG SOM RAMMER FØDANDE KVINNER, AKUTT SJUKE OG FAMILIANE DEIRA. Vi går utifrå at overordna målsetjingar for helse- og omsorgtenestene ligg fast, og at befolkninga skal sikrast lik tilgong til gode og likeverdige helse-og omsorgstenester, uavhengig av diagnose eller behov, alder, kjønn, personleg økonomi og bustad.  SD fryktar nedlegging av fleire sjukehus. Det vil truleg bety nedlegging

    Postet 20. april 2019
  • Dagen idag 9. april

    Samfunnsdemokratane tenkjer at vi må ha historia med oss, dagen idag 9.april 1940 var ingen god dag i verdshistoria. 9.september 2019 er det nytt val for at demokratiet vårt skal overleve. Det er på ny viktig å ha historia med seg inn i framtida.

    Postet 9. april 2019
  • Valliste Samfunnsdemokratane

    Gunnvor Sunde, f. 1961, kjøkensjef Jon Magne Ryssdal, f. 1974, hjelpearbeidar Anne Grete Hoddevik, f. 1963, hjelpepleiar Jan Arve Søvde, f. 1972, sjukepleiar Kjellrun Hjeltnes, f. 1966, hjelpepleiar Hans Ole Andenæs, f. 1958, miljøarbeidar Charlotte Rønne Holtan, f. 1988, kontormedarbeidar Daniel Skjerdal, f. 1977, bonde Randi Gunhild Vilnes Honningsvåg, f. 1959, assistent Edgar Roald Magnar Kvernevik, f. 1962, sjølvs. næringsdriv. Oddrun-Karin Midtkandal, f. 1968, assistent Arne Johan Vereide, f. 1953, sjølvs. næringsdriv. Kristin Mardal, ...

    Postet 1. april 2019
  • Samfunnsdemokratane har 8 års dag den 8. mars!

    Samfunnsdemokratane vil ønske til lukke med 8. mars, til alle flotte kvinner og menn som står saman for likestilling, og har som mål å ta vare på Norge som eit fritt og sjølvstendig samfunn. 8.mars er både kvinnedagen og stiftingsdatoen for Samfunnsdemokratane (SD). Sidan det no tek seg opp igjen med markering av  kvinnedagen, ønskjer vi at dei som har høve og ønskjer det, kan ta del i dei markeringane. Så kjem SD tilbake til eige ...

    Postet 7. mars 2019
  • Nyttårshelsing

    Samfunnsdemokratane (SD) vil takke for all støtte og samarbeid i 2018. Det har vore eit år med mykje omskifte og politisk uro. SD trur på lokalt eigarskap og lys i husa i heile landet. Difor stiller vi oss kritisk til endringar som berre kjem for endringa sin del, slik vi ser det. Vi er spente på 2019 med sine store regionale endringar. Vi ser og med spenning fram mot valet og gler oss til fortsetjinga. ...

    Postet 31. desember 2018
  • Julehelsing

    Samfunnsdemokratane takkar for alle gode julehelsingar - og ønskjer alle ei fortsatt God Jul!

    Postet 29. desember 2018
  • SD ønskjer å setje «tæring etter næring» i 2019

    Gloppen kommunestyre starta budsjettmøtet med utdeling av prisar; Kulturpris, Arbeidsmiljøpris og så ei ekstra overrasking i år: Trivselskogen på Sandane fekk prisen som fylket si beste turrute og går då vidare til landsfinale. (bildet)             Mykje positivt skjer i Gloppensamfunnet, samstundes som det er nok å ta tak i - det synte igjen på saklista idag. Årsbudsjettet der Samfunnsdemokratane som vanleg var i opposisjon, fekk likevel gjennomslag for viktige ...

    Postet 19. desember 2018
  • Alle nedskjæringar smertar for noken

    Sitat: "Forslag årsbudsjettet 2019 frå Samfunnsdemokratane, framlegg frå Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane SD vil ha større fokus på lovpålagde tenester og kjem difor med slike innsparingstiltak. Innsparing administrasjon: -legge sentrumsplanen for Sandane på vent -ikkje opprette ny stilling i kommunalt næringsføretak innsparing Multek: -ikkje skjerme kultur, dersom nye stillingar blir oppretta må desse finansierast innafor sektorramma

    Postet 22. november 2018
  • Postet 14. oktober 2018
  • Sandane-dagane

    Møt oss på stand på Heraldsplassen på Sandane. Sandane-dagane 24.-26. august

    Postet 22. august 2018
  • Uttaler frå Årsmøte

    1. Bru Anda- Lote Ei bru over Anda-Lote vil knyte 60.000 menneske saman heile døgnet, og syte for betre tilkomst til arbeidsplassar, skular, nærsjukehus, flyplass, fritids- og kulturtilbod og handel. Ei bru i midtre Nordfjord vil binde heile regionen saman, og dermed skape ein større bu- og arbeidsregion med mulegheit for samhandling og økonomisk vekst. Saman med brua i indre vil det og gje kortare reisetid for mange pendlarar. Kvart år reiser vel ein halv million menneske over ...

    Postet 9. juni 2018
  • Årsmøte 8.juni

    Samfunnsdemokratane held årsmøte førstkomande fredag den 8.juni kl 19.00, 2. etg Mona Lisa.

    Postet 13. mai 2018
  • God påske!

    Leiaren vil ønskje alle ei god påske!

    Postet 31. mars 2018
  • I skuggen av media sine overskrifter

    Sjukehusaksjonen i Nordfjord har hatt årsmøte. Det vart attval på styret og vi støttar uttale frå Nordfjordkommunar som tek til orde for å oppretthalde avtala om prehospitale tenester etter nedbygginga av Nordfjord sjukehus (NSH). Vi må behalde ambulansetenesta når viktige akuttfunksjonar er fjerna frå lokalsjukehusa!

    Postet 18. mars 2018
  • Gloppen og Nordfjord leiande innan internasjonal teknologi!

    13.03.2018 ein merkedag og historisk dag både for det grøne skiftet og Gloppen. Dåp av dei to ferjene Gloppefjord og Eidsfjord som skal trafikkere det første heil-elektrifiserte ferjesambandet i verda. Og Nrk 1 med Norge Nå klokka 20.25 frå båtproduksjonen i Hyen med Future of the fjords. Ferjedåpen i Gloppen, lenke her. Norge nå i Gloppen, lenke  her.

    Postet 13. mars 2018
  • Treng vi 8. Mars?

    Kvinnedagen er og stiftingsdatoen for Samfunnsdemokratane, så vi har dubbel grunn til å markere dagen. Vi har i det siste sett ei endring i behovet for å markere kvinnedagen, og også ha fokus på lovverket vårt, noke som er svært gledeleg. Dette siste året har nok vist at vi er ikkje så likestilt som vi ønskjer å tru. I heile landet er der fleire arrangement enn på lenge, så dagen tek seg opp igjen, noke som og er ...

    Postet 8. mars 2018
  • Dei fødande blir sendt heim for tidlig

    Galskap å sende fødande ut so tidleg! SD har lenge hevda at barselomsorga er utsett for altfor store nedskjæringar. Godt å sjå at fleire no kjem på bana! Lenke her.

    Postet 2. mars 2018
  • No må Noreg vakne!

    Lenke her.

    Postet 20. februar 2018
  • Gloppen anno 2018

    Revidert budsjettet 2018 har vore jobba svært grundig med, likevel kom Sp ilag med samarbeidspartia sine Ap og V med ei alternativ tilråding i sist formannskapsmøte, utan å peike på kva uprioriterte tiltak som skal gje overskot til drifta av Gloppen kommune, når det alt er gjennomført smertelege kutt. Slik eg ser det er det merkeleg etter alt arbeidet som har blitt lagt ned i å finne potensielle innsparingar. Alle parti har vore representert i nedskjæringsgruppene, ...

    Postet 30. januar 2018
  • Samfunnsdemokratane ønskjer godt nytt år!

    Det nye året 2018 står framfor oss som ei uskreva bok, med berre tomme sider. La oss skrive ting i boka som vi på slutten av året kan huske med glede.

    Postet 1. januar 2018
  • God Jul!

    Så tenner vi det 4. lys og ønskjer alle ei god jul.

    Postet 24. desember 2017
  • Ope brev til Helse Førde

    Samfunnsdemokratane sluttar seg til innhaldet i brevet som Norges Kvinne og familieforbund Sogn og Fjordane krins har sendt til Helse Førde.   "Ope brev til styret i Helse Førde. Kvifor må kvinners helse alltid være salderingspost? Norges Kvinne- og familieforbund, Sogn og Fjordane krins er svært kritisk til at det nok ein gong er kvinner i Sogn og Fjordane sitt helsetilbod, som bli råka av nedskjæringane i Helse Førde. Vi krev at styret no tek omsyn til uttalane frå kommunestyra i ...

    Postet 15. desember 2017
  • Vekst i folketalet

    Fin folketalsvekst i Gloppen og fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Gloppen har auka med 21 i siste kvartal og nærmar seg målet om 6000 innbyggjarar. Lenke her.

    Postet 17. november 2017
  • Stortingsvalet i Sogn og fjordane

    Samfunnsdemokratane vil gratulere og ønskje dei fire Stortingsrepresentantane frå Sogn og fjordane lykke til!           Liv Signe Navarsete (Sp)           Ingrid Heggø (Ap)           Frida Melvær (H)           Tore Storehaug (Krf)

    Postet 13. september 2017
  • Gloppen har landets beste måltidsaugneblikk

    Nyleg vart Gloppen kommunale kjøkken kåra til suveren vinnar i konkurransen «Gyldne måltidsaugneblink» for heimebuande eldre. Landbruks- og matdepartementet har saman med forbrukarrådet kåra Gloppen omsorgssenter til landet beste. Lenke her.

    Postet 9. september 2017
  • Ope brev til Regjering og Storting: Om lønsam samfunnsrekneskap og beredskap.

    24.07.17 opplevde deler av landet uvær med store nedbørsmengder og lynnedslag, som førte til store ødeleggingar, særleg i Nordfjord. Hus, eigedomar, gardsbruk, vegar og bruer vart raserte, og mange blei utsette for personleg tap og liding. Samfunna våre er svært sårbare når vi står utan nødvendig samband: veg, vatn, straum, telefon og nett. Slik eg ser det opplever vi og stor grad av ansvarsfråskriving, der vedlikehald av vegar, bruer og elveløp har blitt skadelidande. Gloppen kommune arrangerte møte der ...

    Postet 11. august 2017
  • Samfunnsdemokratane forut for sin tid?

    Utruleg at kun Samfunnsdemokratane (SD) meiner at denne leikeplassen, er for lite sikra. Når Firda skriv "vi", er plassen lokalisert her av eit politisk fleirtal utan SD si eine stemme i formannskapet, og SD meiner at politikerane må ta ansvar for lokaliserings-vedtaka sine. Fint å registrere at både Ap-representanten og Sp ved ordføraren no meiner at den opprinnelege plasseringa SD føreslo, no ser ut til å bli den beste permanent. Farleg å seie slikt, sidan ...

    Postet 9. juni 2017
  • Årsmøteuttale Samfunnsdemokratane 19. Mai 2017

    Fritidsaktivitetar for barn og unge. Utfordringsdokumentet som er skreve om Gloppen kommune, syner nokre utfordringar i høve fritidsaktivitetar for alle. Vi har eit bredt fritidstilbod: idrett, musikk, dans, sjakk, Barnas Turlag og 4H for å nemne noko. Brorparten av aktivitetane er knytt til idrett eller musikk/kultur, og dei som ikkje interesserar seg for det har lite å velje i. Fritidsaktivitetar tilfører barna kunnskap og ferdigheiter, det kan gi gode meistringsopplevingar og fremje engasjement for, og tilknyting til lokalsamfunnet. Samfunnsdemokratane ...

    Postet 21. mai 2017
  • Samfunnsdemokratane vil gratulere med opningsdagen

    Dronning Sonja åpner gondolbane i Stryn idag. Lenke her.

    Postet 20. mai 2017
  • Uttale vedteken på Samfunnsdemokratane sitt årsmøte19.mai 2017

    Friske midlar må inn i Jordbruksforhandlingane! Dagen før jordbruksforhandlingane i år starta, vedtok Stortinget ein ny landbrukspolitikk med hovedmål om å auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar. Stortinget vedtok også eit mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre yrkesgrupper, dette er umuleg å få til med omfordeling. Bønder, som alle andre, lever av kroner, ikkje prosentar! Eit årsverk i landbruket må kunne samanliknast med andre årsverk. Staten må no ...

    Postet 20. mai 2017
  • Årsmøte

    Samfunnsdemokratane har årsmøte den 19. mai kl. 19.o0 i 2. etg. Mona Lisa. Vanlege årsmøte saker. Velkommne!

    Postet 18. mai 2017
  • SD ønskjer alle ei god 17. Mai feiring!

    Gud signe vaart dyre Fedraland Og lat det som Hagen bløma! Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand Og Vetter fyr Vaarsol røma! Lat Folket som Brøder saman bu, Som Kristne det kann seg søma! No er det i Norig atter Dag Med Vaarsol og Song i Skogen. Um Sædet enn gror paa ymist Lag, Det brydder daa etter Plogen. So signe daa Gud det gode Saad, Til Groren ein Gong er mogen!

    Postet 17. mai 2017
  • Storfint besøk av helse- og omsorgsminister Bent Høie

    Samfunnsdemokratane sin leiar tok tysdag denne veka imot helseministeren i rolla som kjøkkensjef. Lenke her.

    Postet 27. april 2017
  • Valkampen er i gong!

    No får vi stadig vekk besøk av ministrar og stortingsfolk også i distrikta, så distriktsstemmene tel visst enno. Arbeiderpartiet har landsmøte denne helga, der ei av mange viktige saker er å få vekk K-en for kristendom i undervisninga. Og sidan kjem saka om flagget vårt, å få bort krossen. Samfunnsdemokratane nærmar seg årsmøtet sitt og det skulle ikkje undre leiaren om vi går inn for å halde på flagget vårt slik det er i rødt, kvitt og blått. Identitet ...

    Postet 22. april 2017
  • Akuttberedskap barnevern

    Samarbeid som opna etter arbeidstid i dag: Gloppen, Stryn og Eid kommunar har frå 03.04.2017 inngått avtale om felles akuttberedskap i barnevernet utanom ordinær kontortid. Vakttelefon akuttberedskap barnevern for Eid, Gloppen og Stryn: Tlf. 459 76 206

    Postet 3. april 2017
  • Viktig møte i Gloppen kommune

    Samfunnsdemokratane støttar ordføraren si oppmoding og oppfordrar Glopparar/ Sandensarar om å ta del: Sitat: "Onsdag 29. mars er det ope folkemøte på Gloppen hotell frå kl 19 – 21 om parallelloppdraget for Sandane sentrum. Her presenterer dei to fagteama som kommunen har engasjert - Lala/Pushak og Haugen/Zohar/Asplan Viak – sine innspel til løysingar og framtidsskisser for Sandane sentrum. Dei to fagteama har mykje fagkompetanse på utvikling av tettstader, og dette er kunnskap som vi kan nytte også inn mot dei andre tettstadane i ...

    Postet 25. mars 2017
  • 8. Mars verdas internasjonale kvinnedag

    Samfunnsdemokratane vil ønske alle lukke til med 8. mars, alle dei flotte kvinner og menn som står saman for likestilling. Dagen i dag er spesiell for oss (SD) då det er første året utan vårt eige årsmøte på stiftingsdagen vår. Sidan det tek seg opp igjen med markering av kvinnedagen, ønskjer vi at dei som har høve kan ta del i dei markeringane i stadenfor. Så kjem vi tilbake til eige årsmøte i april.

    Postet 8. mars 2017
  • TVANG! Kvifor må dei øvste utøvarane av demokratiet vårt ty til tvang?

    Ordet TVANG kling særs dårleg i eit demokratisk land som Noreg - enten det gjeld kommunar, fylke, ekteskap eller omtale av einskilde personar. Så kvifor har dei som styrer kome til at tvangsløysinga er best for folk flest? No når stortingsfleirtalet/regjeringa med hjelp av støttepartiet venstre må nytte tvang på det norske folket burde fleire vakne og protestere, meinar SD - Samfunnsdemokratane. Lenke her.

    Postet 22. februar 2017
  • Stopp nedlegging av livreddande helsetjenester

    Å sjå på forsida til det landsdekkjande NRK og finne dette på forsida, det var trist, vil ikkje kalle det overraskande, då ingenting overraskar lengre! Utan akuttkirurgi, kan ein ikkje kalle det fullverdig akuttsjukehus, og dette forventa eg at ein seksjonsleiar i vårt eige helseføretak visste. Det neste som er urovekkjande er at seksjonsleiaren ikkje vil uttale seg om tilbodet andre stader i landet; kvifor ikkje når det er denne modellen helsemnisteren byggjer nedbygging av akutte ...

    Postet 26. januar 2017
  • Postet 19. januar 2017
  • Akuttsjukehusa må vere nærare folk

    Slik er akuttsituasjonen for folk i Sogn og fjordane, når lokalsjukehusa er omgjorde til lokal-medisinske senter. Er dette beredskap? Lenke her.

    Postet 27. desember 2016
  • God jul og godt nyttår!

    Samfunnsdemokratane vil takke alle for godt samarbeid i året som har gått og ønskjer alle ei fredfull jul og godt nyttår.

    Postet 24. desember 2016
  • 07.12.16 Dagen då Sogn og Fjordane vart nedlagt

    Dette bør Storting og fylkespolitikarar merke seg. For seint for sentralistane i Sogn og fjordane, dessverre. Merkeleg politikk for tida, viktigare å slå saman til store einingar, enn å løyse utfordringar! Lenke her.

    Postet 9. desember 2016
  • Regionreforma på vestlandet

    Samfunnsdemokratane (SD) har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Merknaden vår er bygd mykje på dei same argumenta som vart vedtekne i Gloppen kommunestyre, og ei avvising av det dei tre fylkesordførarane har lagt fram. Dette er ei altfor viktig avgjerdsle til at tre fylkesordførarar på vestlandet, skal avgjere framtid og utvikling i ein svært viktig region i landet vårt. Ein region samansett av Rogaland, Hordaland og Sogn og ...

    Postet 23. november 2016
  • Gloppen ønskjer Sogn og Fjordane som eige fylke i framtida

    Gloppen kommunestyre sa i dag nei til den framforhandla intensjonsavtala mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Samfunnsdemokratane  (SD) kom med endringsforslaget som fekk fleirtal i formannskapet og som sidan vart til eit utvida felles framlegg av Ap, Sp, SV, MDG og SD. H, V og Krf er sjølvsagt lojale mot eiga regjering, og sa ja til avtalen som har mykje uavklara i høve framtida for ein vestlandsregion. Samfunnsdemokratane oppfordrar også fylkestinga til å seie nei, og bremse ...

    Postet 14. november 2016
  • Gloppen skårar høgt

    Gloppen omsorgssenter blei kåra til landets nest beste institusjonskjøkken og Gloppen skårar også høgt på kultur. Best i Sogn og Fjordane og Vestlandet på kultur med ein 4 plass i landet. Lenke her og her.

    Postet 3. november 2016
  • Kommunereforma, for kven?

    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt forslag til kommunesamanslåing går delvis utanom folkemeininga. Samfunnsdemokratane har lite tru på tvangssamanslåing. Lenke her. Sjå saka på NRK her.

    Postet 29. september 2016
  • Norsk barnevern, til alle barn sitt beste?

    Den norske Regjering og Storting må snarast råd få endra den negative statusen det norske barnevernet har fått, og det må lov- og forskriftsendring til. Kommunesamanslåingsdebatten, er ei avsporing slik Samfunnsdemokratane ser det. Uansett storleik på kommune og tal innbyggjerar må vi sikre barn sine rettar til ein trygg oppvekst. Også med omsyn til dei mange som jobbar i tenestene, og alle dei som får god og nødvendig oppfølging, er det stadig negative mediefokuset av diskusjonssaker ei påkjenning. Det ...

    Postet 19. august 2016
  • Rettssikkerheit må på dagsorden snarast!

    Samfunnsdemokratane vil oppfordre alle parti og regjeringa til felles innsats i å betre rettssikkerheita, og det hastar når det gjeld offer for seksualisert vald. Sjå lenke her.

    Postet 9. august 2016
  • Samfunnsdemokratane oppfordrar alle til å delta i demonstrasjonane

    - Redusert straff for voldtekt er å begå nye overgrep, seier forbundsleder Elisabeth Rusdal i Norges Kvinne- og familieforbund (K&F). Lenke her. Denne uken kunne vi lese en dom hvor tre menn (to født i 1982 og en i 1986) ble frikjent for voldtekt av en 18-år gammel jente de hadde ruset med MDMA og kokain. I dommen står det: "Flertallet finner det videre bevist utover enhver rimelig tvil at de tiltalte var klar over ...

    Postet 5. august 2016
  • Set regjeringa kommunale tenester på spel?

    Regjeringspartia gjekk til val på spesielt to ting: fjerne fylkesleddet politisk og administrativt og Helseføretaksmodellen, og kva gjer så regjering og kommunalminister Sanner med det? Går laus på å svekkje det leddet som tek seg av tenestene nærast folket, nemleg kommunane. Kanskje på tide å sjå på statsapparatet som har vakse formidabelt, og kva innverknad har det for oss på kommunenivå, anna enn å utøve tilsyn og tillegge oppgåver, eller som vi smerteleg har fått ...

    Postet 13. juli 2016
  • Takk for innsatsen til fungerande ordførar Magni Aa Berge og fungerande varaordførar Hege Lothe

    Gloppen formannskap takka idag fungerande ordførar Magni Aa Berge og varaordførar Hege Lothe (som i tillegg hadde bursdag) for innsatsen i tida Gloppen ordføraren har vore ute i pappapermisjon. Gruppeleiarane i KrF og SD hadde æra av å overrekke blomsterhelsingane.

    Postet 20. juni 2016
  • Gloppen går vidare åleine

    Samfunnsdemokratane fekk i dag stort fleirtal for to viktige saker, meir pengar til næringsbudsjettet og at  Gloppen held fram som sjølvstendig kommune. Lenke her. Vedtaket ligg her.

    Postet 17. juni 2016
  • Kan eit nei bli et ja?

    God oppsummering av folkerøysting om kommunesamanslåing i Gloppen av noverande varaordførar. Lenke her.

    Postet 15. juni 2016
  • JA til Gloppen som eigen kommune

    Samfunnsdemokratane vil takke Glopparane for god valdeltaking og overvekt av nei-stemme. Politikarane har på førehand sagt at dei vil følgje rådet frå velgjarane, Som vart ja til gloppen som eigen kommune. Lenke her.

    Postet 30. mai 2016
  • Postet 29. mai 2016
  • Postet 28. mai 2016
  • Eit visjonært nei!

    Det er nokre som trur at nei-sida ikkje vil noko, at vi berre seier nei. Tvert imot: Vi seier JA til Gloppen. Vi vil utvikle kommunen vår, på lag med tilsette i kommunen, innbyggjarar, næringsdrivande, folkevalde og ungdomar. Vi vil arbeide for at endå fleire kjem for å byggje og bu, arbeide og leve i Gloppen. Her er nokre argument for å stemme n ei på måndag 30. mai: 1. Både Eid og Gloppen er i dag mellom ...

    Postet 26. mai 2016
  • God Pinse-helg!

    No feirar vi alle Pinse, trass politiske kampar. Norge er eit godt land å bu i, dette må vi ta vare på. Obama inviterte Statsministeren og andre for sjå på den nordiske modellen, andre ser på Sogn og Fjordane-modellen. Håpa det gjev resultat for folk flest. God Pinse.

    Postet 15. mai 2016
  • Frigjeringsdagen

    Samfunnsdemokratane vil gratulere alle med frigjeringsdagen idag, den dagen tyske militære styrkane her i landet kapitulerte etter den nazi-tyske okkupasjonen 8. mai 1945. Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi. Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg. Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ...

    Postet 8. mai 2016
  • Kommunesamanslåing; kvifor?

    Gloppen er i dag ein velfungerande kommune, mellomstor i folketal og stor i areal, med naturgjevne grenser mot nabokommunane. Kva fordelar ser vi i intensjonsavtalen med Eid, som vi ellers ikkje kan få til med samarbeid på tvers av kommunegrenser. Å tru at brua Anda-Lote kjem automatisk ved ei samanslåing, er etter vår meining naivt. Alle fordelar som blir opplista og trekte fram i debatten er tilhøve kommunane ikkje styrer, som bru, flyplass, veg og statlege arbeidsplassar.   Nullalternativet derimot, ...

    Postet 2. mai 2016
  • Kommunereform

    I Gloppen seier både ordføraren og Samfunnsdemokratane nei til samanslåing av Eid og Gloppen, som i dag er delt av Nordfjorden. Rådgjevande folkerøysting i begge kommunane er den 30 mai, og du kan og førehandsrøyste. Det er viktig at folk seier kva dei meiner om ei så viktig sak for Gloppensamfunnet for framtida. SD er imot sentralisering og byråkratisering, noke vi meiner kommunereforma vil føre til, der kommunane ikkje veks seg naturleg ihop. Uttalen frå SD sitt årsmøte vart ...

    Postet 16. april 2016
  • God påske!

    For dei som vil ha litt påske lesestoff legg vi ut 2 linkar om spesialist helse tilbodet. Lenkene finn du her og her.

    Postet 23. mars 2016
  • Postet 16. mars 2016
  • Samfunnsdemokratane sitt årsmøte meiner Noreg må halde på sjølvråderetten!

    TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) TISA (Trade in Services Agreement) Begge desse er nye handelsavtalar som er lanserte av amerikansk og europeisk storkapital, og som det no forhandlast om. Handelsavtalane vil legge nye marked opne for storkapitalen ved å bygge ned nasjonale reguleringar og det dei ser på som handelshindringar, det vil sei arbeidsmiljølov, forbrukerbeskyttelse, miljøstandardar osv. Samfunnsdemokratane er sterkt imot desse avtalane: TISA er ei avtale som skal liberalisere tenestehandelen. Det er berre dei rikaste landa ...

    Postet 10. mars 2016
  • Årsmøte og femårsjubileum

    Velkomne til årsmøte og feiring av femårsjubileum på Gloppebu-kaféen 8.mars kl 20.00.

    Postet 29. februar 2016
  • Stem NEI, og vis regjeringa at vi er imot sentralisering!

    At Gloppen scorar høgt på god kommunal kvalitet i tenestene, syner at vi har og over lag tid har hatt evna å omstille. Dei som trur at kommunal drift er som den alltid har vore, tek skrekkeleg feil, og seier meg ein ting; de kjenner lite til omstillingane som går kontinuerleg i den kommunale drifta. Dessutan finst der mykje forskning på at kommunal sektor er langt meir effektiv enn privat, men dei som sit med ...

    Postet 24. februar 2016
  • Overgrepsmottak i Sogn og Fjordane

    Samfunnsdemokratane meiner Helse Førde fullt ut må ta det ansvaret som Stortinget har gjett dei i høve seksuelle overgrep og vold i nære relasjonar som og innebær seksuelle overgrep. Og ikkje legge ansvaret over på kommunane. For å finne lenka, trykker du på overskrifta "Overgrepsmottak..." også klikker du på den grønne skrifta. Lenke her. (Trykk på her). Ein kan velge mellom 3 kameravinklar (Podiet, Talarstol og Salen) dersom du trykker CTRL + C eller klikker på ...

    Postet 23. februar 2016
  • Overgrepsmottak, Helseføretaka sitt ansvar frå 01.01.2016 etter Stortingvedtak i mai 2014.‏

    Det vart på bakgrunn av Stortingsmelding nr.15 (2012-2013) «Forebyggelse og bekjempelse av vold i nære relasjoner» fatta vedtak i Stortinget mai 2014 om at helseføretaka skulle ta over ansvaret for SO-saker medan kommunane ved legevaktene skulle ha ansvaret for VNR. Frå 1. januar 2016 er ansvaret for seksuelle overgrep (SO) lagt til helseføretaka, ansvaret for vald i nære relasjonar (VNR) ligg ...

    Postet 12. februar 2016
  • Svar frå ordføraren i Gloppen om kampen for akutt-og fødetenester.

    Samfunnsdemokratane støttar akutt-og fødetenester på lokalsjukehusa, og er svært kritiske til Helseministeren sine nedleggingsplanar etter modell av Nordfjord sjukehus. For å finne lenka, trykker du på overskrifta "Svar frå ordføraren..." også klikker du på den grønne skrifta. Lenke her. Ein kan velge mellom 3 kameravinklar (Podiet, Talarstol og Salen) dersom du trykker CTRL + C eller klikker på kamera under videoen.

    Postet 26. januar 2016
  • Lokalsjukehusa treng akuttberedskap og fødetilbod, stopp raseringa!

    Her ligg ei lydfil frå innlegget til Svein Hansen og Gunnvor A. Sunde på Stortinget.

    Postet 21. januar 2016
  • Innlegg 18.01.2016 høyring stortinget

    Gunnvor A. Sunde, vara til sjukehusaksjonen Nordfjord, mor til fem og tidlegare styremedlem Helse Vest. Leiar. Takkar for invitasjonen til å få sagt nokre ord på vegne av sjukehusaksjonen Nordfjord, ein aksjon som har kjempa for likeverdige helsetilbod med resten av landet sidan 2002, og det er slik eg ser det engasjerte politikerar og aksjonistar som har sikra det vi har att, og kampen fortset med pasienten i fokus. Allereie 14.01.2007 ba eg som styremedlem, Helse Vest vurdere ...

    Postet 18. januar 2016
  • – Distrikta er ei bør

    Kutte mat, straum og vasstilførsel inn til byane, så kanskje pipa får en annen lyd? Samfunnsdemokratane seier det er nesten umuleg å ta slike utspel alvorleg! - Kvifor skal vi ta heile landet i bruk, dersom det er upraktisk, unødvendig og vanvittig dyrt, spør Høgre-topp Henning Warloe. Lenke her.

    Postet 7. januar 2016
  • God Jul og Godt Nyttår!

    Samfunnsdemokratane vil ønskje alle følgjarar og støttespelarar ei god jul og eit riktig godt nyttår. Vi gledar oss til eit nytt samarbeid i 2016.

    Postet 24. desember 2015
  • Lokalsjukehus, kva er forskjellen på det og medisinsk senter?

    Heilt sidan tanken om "framtida sitt lokalsjukehus" oppstod har Samfunnsdemokratane (SD) vore uroa over kva dette bortfallet av akutt-kirurgi og mulegheit til å føde i eige distrikt, kunne føre til for busetjing og verdiskaping, utifrå dei servicetilboda vi som innbyggjerar ser føre oss i 2015-2030 og vidare. Helseministeren sitt framlegg til helse-plan (sjukehusplan) har uroa oss enno meir. Møtet om sjukehuset i Volda i dag, som grunna manglande tilbod i Nordfjord også fungerer som akutt-og føde tilbod ...

    Postet 15. desember 2015
  • Framtidig sjukehusmodell. Er det trygt å følgje Nordfjordmodellen? Kva med akutt-responstida på 1-EIN-time‏?

    Grunngjeve spørsmål til ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad frå Samfunnsdemokratane sin leiar, Gunnvor A. Sunde, formannskapsmedlem i Gloppen og tidlegare styrerepresentant i Helse Vest: Helseminister Bent Høie (H) sin glansbileteversjon av Nordfjord sjukehus som eit føredøme for framtida sine lokalsjukehus, blir no brukt for å legge ned sjukehus rundt i heile landet. Samfunnsdemokratane er sterkt kritiske til at Helseministeren skubbar nordfjordingane føre seg som alibi for å rasere sjukehus-norge på denne måten. Kva vil ordføraren vår gjere for å ...

    Postet 27. november 2015
  • Kan lokal medisinsk senter uten akutt og føde tilbod kallast sjukehus?

    Les saka her. FJORDENES TIDENDE FREDAG 20. NOVEMBER 2015 Fortsatt lokalsykehus? Vi står forran lansering av ny nasjonal helse- og sykehusplan. Helseminister Bent Høie har nylig besøkt Nordfjord sykehus som et ledd i sine forberedel- ser til den kampen han vet vil komme når planen blir kjent. Nordfjord sjukehus har i løpet av de siste årene gått fra å være et sjukehus med akuttfunksjon i kirurgi, fødeav- deling, en omfattende ortopedisk av- deling og en godt fungerende medisinsk ...

    Postet 20. november 2015
  • Postet 18. november 2015
  • Glopparane forblir Nordfjordingar inn i framtida

    Slik kan det sjå ut dersom også andre enn Samfunnsdemokratane er enige i saksutgreiinga frå rådmannen. Sjå PDF fil her.

    Postet 17. november 2015
  • Felles veguttale om E-39 frå Gloppen kommunestyre 2.11.15

    KRAV OM UTBETRING AV STREKNINGA BYRKJELO-SANDANE PÅ E39 Gloppen kommunestyre krev at det på statsbudsjettet for 2016 vert sett av tilstrekkeleg planleggingsmidlar til å gjennomføre opprustning av strekninga Byrkjelo-Sandane på E 39. E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid vil vere E39 – hovudvegen nord/sør på Vestlandet i mange år framover. Den har ein ÅDT på over 2.200, og er såleis ein svært trafikkert veg. 20 min avgangar på ferja Anda-Lote på E39 Frå 2018 har Stortinget bestemt at det blir 20 min avgangar ...

    Postet 2. november 2015
  • Leiaren har ordet

    Sidan det er Friluftslivets år, har eg gjort meg nokre tankar etter sist formannskapsmøte i Gloppen. Samfunnsdemokratane har fått fornya tillit av folket, og skal vere med å legge til rette for trivsel, busetnad og gode tenester i kommuna. Leiaren har og plass i formannskapet, og det er ofte der ein kjem først og tettast på sakene. Formannskapet er og klageorgan. Det klaga handla om i sist møte 28.10.15 er ein veg inn til eit flott og ...

    Postet 31. oktober 2015
  • Samfunnsdemokratane oppfordrar til å støtte TV-aksjonen 2015‏

    Inntektene frå TV-aksjonen i år går til Regnskogfondet sitt arbeid med å redde regnskog i nært samarbeid med dei som bur der. Midlane frå aksjonen skal redde eit regnskogområde større enn heile Noreg og Danmark til saman. Regnskogane i verda er utsette for eit veldig press, kvart minutt forsvinn store områder for all framtid. For dei 260 millionar menneska som bur i regnskogen og lever av ressursane der, er konsekvensane dramatiske, dei misser både heimen og levebrødet sitt. Regnskogen ...

    Postet 17. oktober 2015
  • Samfunnsdemokratane sin representasjon i Gloppen for 4 nye arbeidsår

    Det konstituerande kommunestyret gav SD slik representasjon i komande periode. Kommunestyret: Gunnvor A. sunde Edgar Kvernevik Formannskapet: Gunnvor A. sunde Kultur, miljø, teknisk og landbruksutvalet Edgar Kvernevik 1. Vara Jan Arve Søvde 2. Vara Daniel Skjerdal 3. Vara Jon Magne Ryssdal Oppvekstutvalet: Gunnvor A. Sunde 1. Vara Anne-Grete Hoddevik 2. Vara Hans Ole Andenæs 3. Vara Kjellrunn Hjeltnes Kontrollutvalet: Charlotte Rønne Holtan Styret ønskjer kommunestregruppa med varamedlemmer og andre medlemmer velkomne til gode politiske diskusjonar i dei komande åra. På bilete under ser ein det nye formansskapet i Gloppen.

    Postet 5. oktober 2015
  • Samfunnsdemokratane vil takke dei som støtta oss i valet

    Folket har talt og slik vart fordeling av mandat i Gloppen kommunestyre: Senterpartiet 11 Kristeleg folkeparti 7 Arbeiderpartiet 2 Samfunnsdemokratane 2 Høgre 2 Venstre 1 Sosialistisk Venstreparti 1 Miljøpartiet Dei Grøne 1 Det nye kommunestyret i Gloppen er verdt ein likestillingsstudie, med 9 kvinner av 27 representantar. Senterpartiet hadde over halvparten kvinner på lista si, og røysta inn berre 3 kvinner av 11 representantar. Krf den andre valvinnaren var ikkje so overraskande, sidan dei i utgangspunktet hadde lite kvinner på lista si, og kom inn ...

    Postet 17. september 2015
  • Stem på Samfunnsdemokratane

    Stem på Gunnvor som ordførar.

    Postet 10. september 2015
Page 1 of 3123