Korleis har fødande kvinner det i Norge i dag?

Postet 1. juni 2011 |

Kvinner gjev liv til komande generasjonar.

Tilbodet til gravide og fødande kvinner er forverra fleire stader i landet.
Når helseføretaka no legg ned lokale fødeavdelingar og fødestover, opplever mange at tilbodet blir enda dårlegare.
Fleire fødslar vil kome til å skje langs landevegane, det stemmer dårleg overens med kravet om sterke faglege miljø.
Slagordet  no er blitt ”stort er best”, uansett.
Og økonomane gnir seg i hendene berre botnlinja stemmer, og helst viser større overskot.

Kva med menneska, og måten pengane blir brukte på?

Flyttinga til større sentrale fødeavdelingar har også medført spenning rundt spørsmålet om det er plass når fødselen skal skje.
Nytt sitat: ” det er ikkje plass åt dei i herberget”. Noreg anno 2011.

Så kven skal ta omsyn til dei fødande, barselkvinnene og barna?
Påstanden til Samfunnsdemokratane er at det er ei skam at vi i rike Noreg behandlar fødande på ein so uverdig måte.

Så har vi debatten rundt kor lenge ei kvinne skal få vere ved barselavdelinga etter fødsel, eller kanskje mor og barn må flyttast rett etter fødsel til barselavdeling annan stad?
I gjennomsnitt ser eg (ut frå innhenta informasjon) at liggetida i dag er 2 døgn. Men vi er kjende med debatten om at fødsel ikkje er sjukdom og soleis ikkje har behov for så lang liggetid. Det har vore drøfta og drøfta igjen, at liggetida skal kuttast ned, til kanskje berre nokre timar!
Kva med å følgje opp at mor kjem i gong med amming? Og undersøkingar som skjer fleire døgn etter fødsel? Mange unge mødre er usikre som førstegangsfødande både på situasjonen og den nye krevjande rolla si.
Besøk av helsesøster heime etter fødsel blir viktig. Men blir dette gjennomført i alle kommunar, har alle kommunar nok helsesøstre til at dette let seg gjennomføre? Og husmorvikaren er borte for årevis sidan.

Over heile landet kjem fleire kvinner inn med rier, men blir sende heim for å vente på fødselen. Dette skjer svært ofte av kapasitetsomsyn. Ved å legge ned avdelingar, blir det enda fleire som må vente på plass. Dei som har født veit at det er vanskeleg å vente når det gjeld fødsel. Barnet kjem når tida er der, uansett, også ved planlagt keisarsnitt kan riene starte før den fastsette tida.
Andre stader ventar kvinnene på hotellavdelingar måndag til fredag for so å måtte reise heim til distriktet sitt i helga, for avdelinga stengjer i helga og så må dei tilbake måndag i tilfelle fødselen startar. Dette er ei stor belastning for kvinnene, og for resten av familien.
Og for dei som ikkje er førstegangsfødande, betyr det at dei har barn som må ha tilsyn.
Kva med den andre av foreldra og muligheitene for å vere tilstades ved fødselen?
Flytte og busetjingsmønsteret har medført at mange familiar i dag har andre familiemedlemmar spreidde rundt om og ofte langt unna, utan mulegheit til å hjelpe og avlaste. I tillegg er besteforeldregenerasjonen yrkesaktive. Dette må vi og ta omsyn til.
Samfunnsrekneskapet blir ofte gløymt i enkeltreknestykka.

Legg igjen kommentar