22 juli 2020

Postet 22. juli 2020 |

Idag er det 9 år sidan terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet. Der 77 menneske, flest unge vart drepne. 22. juli er ein dag som aldri må gløymast og som flest mogleg må minnast og markere dersom det er fridom og demokrati vi ønskjer for landet vårt. Noreg er nok mindre fritt og demokratisk enn dei fleste ønskjer å tru. Nettopp difor treng det norske folk å stå saman for eit betre Noreg. Vi må fremme likestilling og demokrati og fordømme verdiar som i ytterste konsekvens fører til liknande hendingar som skjedde 22. juli 2011, eit resultat av ekstrem politisk tenking. Ekstreme og rasistiske haldningar må aldri normaliserast, berre motarbeidast på det sterkaste sjølv om vi som engasjerer oss opplever truslar på eigne liv.

Legg igjen kommentar