Firda vidaregåande skule treng ekstraklasse hausten 2020!

Postet 17. april 2020 |

Hovudutval for opplæring og kompetanse Sandane,14.april 2020 v/Leiar Karianne Torvanger

Gruppeleiarane i Gloppen kommunestyre har sett av sakskartet til Hovudutval for opplæring og kompetanse, i Vestland fylke, at det der er ei sak den 20. april om justering av utdanningstilbodet hausten 2020.

Firda vidaregåande skule ligg i Gloppen kommune og vi er særleg opptatt av at denne skulen må gje eit best muleg tilbod til dei elevane som søkjer her. Firda vidaregåande er også ein fylkesdekkande skule, og før fylkesamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane var dette ein av få skular i gamle Sogn og Fjordane med søkjarar frå heile fylket.

Gloppen kommune store ungdomskull.

Gloppen kommune har dei neste åra store ungdomskull som går ut av ungdomsskulen. I 2019 var det 70 16 åringar som gjekk ut av ungdomsskulen. I 2020 er dette talet 92 og i 2021 er dette 104 slik vi kjenner talla no.

Firda vidaregåande har gode søkjartall.

Vi er kjent med at det til skulen er god søknad komande skuleår.

Studiespesialiserande 44 søkjarar til 30 plassar.

Idrett 42 søkjarar til 30 plassar.

Musikk 27 søkjarar til 27 plassar.

Dans: 25 søkjarar til 15 plassar.

Drama: 19 søkjarar til 15 plassar.

Fyrsteval viktig for gjennomføring av vidaregåande skule.

Dette er elevar som har Firda vidaregåande skule som sitt fyrsteval. Vi veit også kor viktig det er det at ein elev får oppfylt sine primærynskjer for skuleval og at dette har mykje å seie for gjennomføringsgraden. Ved Firda vidaregåande skule er det no til studiespesialiserande og idrett 26 elevar med Firda som fyrsteval om ikkje får oppfylt ønskje sitt.

Det er også verdt å merke at Firda vidaregåande skule har 367 primærsøkjarar, og at det berre er tatt inn 313 etter administrasjonen sitt framlegg. Dette er det lågaste talet på mange år ved Firda, endå til Firda vidaregåande skule er den skulen med høgst oppfyllingsgrad i gamle Sogn og Fjordane, 93.3%.

Firda vgs treng ekstraklasse

Når det er mange søkjarar til skulen og Gloppen har høge ungdomskull er det berre rimeleg at skulen også får auke sin kapasitet. Om ikkje det skjer fryktar vi at mange elevar med mellom anna heimeadresse i Gloppen må dra til andre skular for å få tilsvarande tilbod, og mange vil med dette ikkje få oppfylt sitt fyrsteval. Dette kan ikkje vere ønskjeleg for nokon.

Vi er kjent med at det mellom anna ved Stryn vidaregåande skule er tatt ned ei klasse studiespesialiserande på grunn av lav søknad dette året. Vi meiner, ut i frå søkjartala det er rimeleg at denne klassa blir verande i Nordfjord og at den blir lagt til Firda vidaregåande skule.

Gruppeleiarane i Gloppen kommunestyre ber såleis om at hovudutvalet for opplæring og kompetanse aukar opp tilbodet ved Firda vidaregåande skule, med ei klasse. Dette vil gje fleire elevar opptak etter fyrstevalet og fleire får gå på den skulen dei har søkt på. Om dette skal vere ei heil klasse studiespesialiserande eller ei deling mellom idrett og studiespesialiserande overlet vi til utvalet å finne den beste løysinga for.

Vi er kjende med at ein har gjort nytte av å slå saman halve klasser av ulike linjer andre stadar, mellom anna i Sogndal, og vi er også kjende med at Firda vidaregåande skule vil kunne drifte to halve klasser for same kostnad som ei heil, i motsetnad til ein kostnad på 1,5 som har vore vanleg tidlegare.

Vi vonar utvalet finn rom for å sjå på denne fordelinga på nytt og vil vere med på å sjå etter løysingar som i endå større grad tek i vare elevane sine fyrsteval og med dette gjev elevane det beste utgangspunktet for å fullføre eit treårig løp i den vidaregåande skulen.

Med helsing

Gruppeleiarane i Gloppen kommunestyre

Magni Aa Berge Senterpartiet

Svein-Ottar Sandal, Kristeleg Folkeparti

Beate Dybendal Norvik, Høgre

Arnar Kvernevik. Arbeiderpartiet

Marièl Eikeset Koren, Miljøpartiet de grønne

Katrine Anita H Heggelund, Sosialistisk Venstreparti

Bjarte Gangeskar, Venstre

Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane

Brevet er utan signatur, men er godkjent av den einskilde gruppeleiar.

Legg igjen kommentar