Samfunnsdemokratane sine Årsmøte uttaler 8.mars 2020

Postet 11. mars 2020 |

KVINNEHELSE – lokale tilbod og auka forsking.
SD krev at:
– Kvinner sin eigenart, både fysisk og psykisk, må vere basis for arbeidet i helsevesenet og grunnlag ved all medisinsk forsking på kvinnehelsa.
– Tilbod om førebyggande helseundersøkingar og nasjonale screeningar, må utvidast og baserast på dei best tilgjengelege metodane.
– Fødetilbodet må vere forsvarleg og innan sikker avstand. Det er kvinner som føder, og risikofødslar har auka samstundes som jordmorstillingar og fødeavdelingar forsvinn!
– Kommunane må ha jordmorstillingar i 100%.
– Barselkvinner må få god oppfølging for både seg sjølv og barnet.
– Omsorgstilbodet til familien ved uventa sjukdom/ hendingar må styrkast.
– Kjønnslemlesting og barnebruder må motarbeidast både nasjonalt og internasjonalt.

Internasjonalt må Norge gå fremst i kampen mot å bruke kvinner og barn som våpen i væpna konflikter. FNs sikkerhetsråd sin resolusjon 1325 må etterlevast, og Norge må presse på gjennom aktiv handling. Kvinner sin medverknad på alle nivå er nødvendig for å sikre varig fred.

LIKESTILLING: vi treng enno 8. Mars.
Samfunnsdemokratane minner på 9-årsdagen for stiftinga av partiet på, at det enno er stort behov for ein dag der likestilling står spesielt i fokus.

Med eit meir likestilt samfunn vil vi:
– Få betre representasjon av innbyggerane
– Vere gode døme for den oppveksande generasjonen
– Ulik erfaringsbakgrunn gjev breiare perspektiv
– Alle treng ei løn å leve av
– Vi må ha forsvarleg føde- og barselsomsorg med akuttfunksjonar i heile Norge.

Kvinner er halve folket – forsk på kvinnehelse!
Kvinner si helse har ikkje fått den rettmessig plassen i helsevesenet og medisinen, som kvinneandelen i befolkninga tilseier.
Kvinner er og lønnstaparar og taparar ved val både leiarmessig og i politikken generelt.

REVERSERING AV REGIONREFORMA
Samfunnsdemokratane har heile tida meint at regionreforma ville føre til sentralisering og demokratisk underskot, med uklare rammer for overføring av sentrale oppgåver.
Den korte tida reforma har eksistert syner allereie at spådomane våre slår til.
SD meiner difor at regionreform og tvangssamanslåing av kommunar må reverserast før det skjer større skade.
Det er veldig dårleg samsvar mellom det som var lovt og det som faktisk skjer. Det einaste resultatet vi ser så langt er storstila sentralisering av makt og tenester enten til statlege etatar i Oslo-regionen eller regionale tenester til Bergen.

Som grunnlag for reverseringa skal det avhaldast lokale folkerøystingar, der resultatet av desse skal styre den vidare prosessen. Dette må setjast i verk snarast råd og seinast i samband med Stortingsvalet 2021.

Legg igjen kommentar