Uttale Ambulansetenester i Helse Førde (prehospitale tenester)

Postet 1. februar 2020 |

Kvinne-og familieforbundet (K&f) Sogn og Fjordane krins, ser med uro på kutt i ambulansetenestene jfr. vedtak i styret i Helse Førde 24.01.2020, vedteke nedlegging av ambulansebåten i Askvoll. I tillegg er det utsett vurdering av full nedlegging av ambulansetenesta i Lavik med 6 stillingar og vurdering av kutt i ambulansetenesta i Bremanger.
I distrikta med store avstandar er det viktig å oppretthalde trygge og tilgjengelege ambulansetenester, også i eit beredskaps perspektiv. Utan dei blir det ei ekstra påkjenning og utryggheit å bu i distriktsnorge med mangedobla busetnad i feriar og turistsesongar som stadig blir utvida.
Kostnadane med dette må dekkast av spesialisthelsetenesta (staten) og ikkje veltast over på ein allereie pressa kommuneøkonomi.
Analysen som ligg i saka er interessant, der det t.d.syner like stor utrykningsmengde pr ambulansearbeidar i Gloppen som i Førde.
Dagens struktur må vere tilpassa dagens behov, ikkje ei usikker framskriving til 2040 med urbanisring og sentralisering som saka byggjer på, og for alle, ikkje berre folk flest som det står i saka.
At distriktet for denne prehospitale tenesta har: «eineståande god dekning av ambulanse- og redningshelikopter» hjelper ikkje dei dagane helikoptera må stå på bakken grunna vær, teknisk situasjon eller som i nord (Babcock).
Askvoll som no har mista tilbodet sitt har frå før dårlegast responstid, kva no? Dei har venta og ventar fortsatt på ferjefritt samband. Før det er kome på plass kan ikkje ambulansebåten fjernast!
Så til innføring av kvite bilar. Vi i K&f er redd dette er med å undergrev framtida for drosjenæringa i distrikta. Drosjer har hatt sjuketransport for dei som ikkje treng ambulanse og drosjene i distrikta er allereie under press grunna anbod.
Voss taxi mista pasientreiser til Christiania Taxi som er stasjonert i Bergen. Med dårlege eksempel frå Oslo friskt i minne, kan vi ikkje forstå korleis dette set pasienten i fokus, som det så fint heiter seg.
I Helse Førde sine dokument står det at hjelpa ( ambulansen) skal vere nær der den trengs mest.
Og kven veit kor neste oppdrag blir.
Vi oppmodar Helse Førde å gjere slik dei seier, setje pasienten i fokus og syte for trygge desentraliserte tenester for oss alle, ikkje berre for folk flest!

For styret
Gunnvor A. Sunde, leiar
Mobil 97955677

Legg igjen kommentar