Julebrev frå leiar

Postet 21. desember 2019 |

Samfunnsdemokratane (SD) oppmoda i haust alle til å bruke røysteretten sin.

På lista vår har vi alltid samfunnsengasjerte kvinner og menn frå sjølvstendig næringsdrivande til bønder, arbeiderar både frå det private og det offentlege. Felles for alle er at vi ønskjer lokalt sjølvstyre og lokalt eigarskap med Gloppen som eiga kommune inn i framtida.
SD har sidan vi kom i kommunestyret vore ei uredd røyst og kome med mange innspel fordi politikk er viktig for folk flest.

Vi fekk fornya tillit, dessverre vart opposisjonen mindre, noke fleirtalet veit å nytte.
Budsjettdebatten for 2020 vart etter mitt syn nok eit eksempel på at det kunne vore muleg å prioritere noke annleis, difor vart det mot SD si stemme også i år.

Så får vi berre håpe og tru at Firda Fysikalsk Medisinske senter ser mulegheiter for å utvikle seg vidare i Gloppen, sjølv etter ein heller uheldig debatt der fleirtalet gjekk for ein mindre og utrygg auke.

Det er mykje å ta tak i neste periode med skular som treng oppgradering og blålysbygg.
Drift av nytt omsorgsbygg.
Tilrettelegging for bustadbygging og næring.
Ny E39 gjennom Byrkjelo og bru Anda-Lote.
Vidareutvikle Gloppen som reiselivskommune med naturbaserte opplevingar og kortreist mat.
Og idrettsplass som treng oppgradering.

Vi er med vidare for å vere ei klar og tydeleg røyst for innbyggjerane.

GODT JUL og eit velsigna nytt år!

Gunnvor A. Sunde, leiar

Legg igjen kommentar