Årsbudsjett og økonomiplan

Postet 20. november 2019 |

Årsbudsjett Gloppen 2020 og økonimiplan fram til 2023 er no lagt ut på høyring.

Samfunnsdemokratane har som tidlegare år samarbeid med dei andre i opposisjonen. Fellesframlegget frå Krf, H og SD til dagens formannskapsmøte;

Alternativt forslag til budsjett 2020 og økonomiplan fram til 2023 for Gloppen kommune

Forslag frå H , SD og KrF
1. Auka driftstilskot til Firda FysMed. jfr framlegg som vart fremja i helse- og omsorgsutvalet
2. Kommunestyret ber rådmannen straks statsbudsjettet er vedtatt legge fram ei sak om forsøk med Fritidskort i Gloppen
3. Kommunestyret ber om at det i samarbeid med næringslivet blir etablert ei ordning med «sommerjobb» forungdom i Gloppen
4. Kommunestyret meiner det er behov for fleire attraktive og opparbeidde næringsareal. Kommunestyret ber rådmannen førebu ei sak på dette og særleg med tanke på næringsareal på Byrkjelo og Kattahamrane.
5. I arbeidet med omstilling av Gloppen kommune tilpassa økonomiske rammer, ber kommunestyret om at ein også ser på korleis kommunen alternativt kan kjøpe tenester frå næringslivet i kommunen der det ligg tilrette for det.
6. Kommunestyret vedtek at det på investeringsbudsjettet for 2020 vert avsett kr 300 000 til prosjektering av ny idrettsplass på Sandane. Finansiering ved tilsvarande reduksjon i investeringsbudsjettet for 2021.

 

SD håpar folk nyttår høvet og kjem med innspel med tanke på Firda Fysikalske Medisinske Senter (FFMS). Senteret fekk iløpet av eit par dagar 1000 medlemmar i ei støttegruppe på Facebook og på ei lita veke over 1300 medlemmar.

 

Formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023 er lagt ut til offentleg gjennomsyn fram til 5. desember i år.

I framlegget ligg også endra prisar på kommunale tenester og avgifter, eigedomskatt og gebyr, her inkludert framlegg til renovasjonsgebyr og slamgebyret som NoMil krev inn.

Framlegget er lagt ut på kommunen si heimeside og i papirformat på servicetorget i heradshuset. Dei som har merknader til framlegget, må sende desse skriftleg til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane seinast torsdag 5. desember d.å. Du kan sjølvsagt også sende merknadene på e-post til post@gloppen.kommune.no

Legg igjen kommentar