Lesarinnlegg frå leiaren

Postet 5. september 2019 |

Samfunnsdemokratane (SD) oppmodar alle til å bruke røysteretten sin.

På lista vår er det samfunnsengasjerte kvinner og menn frå sjølvstendig næringsdrivande til bønder, arbeiderar både frå det private og det offentlege. Felles for alle er at vi ønskjer lokalt sjølvstyre og lokalt eigarskap med Gloppen som eiga kommune inn i framtida.
SD har siste perioden kome med mange innspel til sentrumsplanen fordi den er viktig for folk flest. For oss er det viktig å bli så store at vi kjem i formannskapet, der mange føringar blir lagde.

Parkering: langsgåande parkering må unngåast, det er meir trafikkfarleg enn skråparkering og tek meir av parkeringsarealet som handelsstanden ønskjer å behalde.
Før vi får trygge gong-og sykkelvegar inn til sentrum frå alle kantar, må vi ha dei parkeringsplassane vi har
Fartssoner: sentrum er no samansett av fleire fartssoner, dette må harmoniserast.
Kollektiv transport: buss og drosjer må vere lett tilgjengeleg for dei som er i sentrum.
Fortau opp mot Firda vgs må ligge på ei side slik det var teikna inn i den
forrige planen. Å legge den på begge sider krev for mykje areal.

Leikeplass i sentrum: leikeplassen burde av fleire grunnar leggast ved enden av heradshuset, for at vi kan behalde tilgong og utsyn til sjøen, slik det var tenkt.
Heradsplassen treng tilrettelegging for rørslehemma. Kantar, renner og brusteinsfelt må tilpassast tilkomst for alle til kommuna sin festplass, tusenårsplassen.

Sentrumsbarnehage: eventuell ny barnehage må trekkjast lenger vekk frå sentrumskjernen, då det vil føre til auka trafikk.
Og Øyna må bevarast som ei urørt perle i sentrum.

I tillegg er det mykje å ta tak i neste periode med skular som treng oppgradering og blålysbygg der vi står i fare for å få store dagbøter.
Drift av nytt omsorgsbygg.
Tilrettelegging for bustadbygging og næring.
Ny E39 gjennom Byrkjelo og bru Anda-Lote.
Vidareutvikle Gloppen som reiselivskommune med naturbaserte opplevingar og kortreist mat.

Vi håpar sjølvsagt på fornya tillit, for å vere ei klar og tydeleg røyst for innbyggjerane.

GODT VAL!

Gunnvor A. Sunde, leiar og 1. Kandidat

Legg igjen kommentar