Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

Postet 15. august 2019 |

Gunnvor A. Sunde er SD sin ordførarkandidat og representerer SD i kommunstyret, formannskap og oppvekstutvalet. Ho har allsidig politisk erfaring 2 siste periodar i Gloppen kommunestyre, før det 2 periodar i Fylkestinget, og tidligare 2 periodar i kommunestyret i Gloppen. I tillegg til forskjellige styreverv, mellom anna Helse Vest. I jobben sin har ho sett Gloppen på matkartet, ved å leie landets beste intitusjonskjøkken. Ho er oppteken av at vi treng sterke private bedrifter for å kunne tilby gode offentlege tenester. SD har vore det fremste partiet i opposisjon, og er sterkt i mot sentralisering og unøding byråkratisering.

 

Jon Magne Ryssdal er ny 2. kandidat for SD. Han har vore vara til Multek-utvalet og ønskjer å engasjere seg meir i lokalpolitikken. Arbeidsplassen hans er Bolseth Glass AS, der han er produskjonsmedarbeidar. Fritida går med til å følgje opp borna på fritidsaktivitetar og fisking i Breimsvatnet.

 

 

 

Anne Grete Hoddevik er ei aktiv dame med mange verv. Ho er vara til kommunestyret og oppvekstutvalet og SD sin sekretær. Ho kjem frå Hoddevik på Stadt, er hjelpepleiar og har jobba i heimesjukepleien i 20 år. I fritida er ho oppteken med hus og hage på Sandane og gard i Hoddevikja. Politisk brenn ho for god eldreomsorg, gode helsetjenester i distrikta med desentraliserte tilbod og lokale sjukehus. Ho vil ha fokus på oppvekst vilkår og fritidsaktivitetar for alle uansett interesse. Trygge arbeidsvilkår og openheit.

Legg igjen kommentar