Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

Postet 8. august 2019 |

Hans Ole Andenæs er miltøterapeut og har eit sterkt engasjement for lokalmiljøet. På fritida er han oppteken med Fjæra Bluesklubb og Røde Kors hjelpekorps. Politisk er han særs interessert i utviklinga av Sandane sentrum og oppvekst forholda for barn og unge. I inneverande periode er han vara til oppvekstutvalet.

 

 

Kjellrunn Hjeltnes har allereie representert SD i fleire verv. Ho likar å gå tur i skog og mark, er busett på sauegard og er oppteken av god dyrevelferd. Ho er no nattevakt på omsorgsenteret etter 8 år i heimetjenesta på Breim. Ho brenn for at eldre skal ha det godt og trivst i kontakt med dei. Ho synst det er viktig at distrikta har gode tjenester slik at dei unge ønskjer og busette seg her. Ho er no vara i administrasjonsutvalet.

 

 

Jan Arve Søvde har allereie hatt ein periode i kommunstyret for SD. Han er rådgivar for In Via og er oppteken av at alle skal ha det bra. Spesielt trafikktryggleik har vore ei kampsak for Jan Arve, med fokus på behovet for trygge gang og sykkelvegar. Han har mange verv og fritida går mykje til å følge dei 4 ungdommane i heimen på aktivitetar.

 

 

 

Legg igjen kommentar