Val 2019 – Bli kjend med listekandidatane våre

Postet 29. juni 2019 |

Samfunnsdemokratane vil presentere både listekandidatar og program i vekene framover. Vi er godt fornøgde med å stille med ei likestilt liste i motsetnad til mange andre Gloppen-lister. I dag presenterar vi to som har vore med sidan stiftinga av SD.

 

 

 

Edgar Roald Magnar Kvernevik sivilingeniør av utdanning, sjølstending næringsdrivande, fødd 1962, har representert SD dei to siste periodane i kommunestyret. Han stiller på lista denne gongen lenger nede, grunna ein krevjande arbeidskvardag. Hans hovedinteresser er samferdsle og næringsutvikling, bru Anda-Lote og å nytte muligheitene rundt nye E39 på Byrkjelo. Han er opptatt av å skape fleire statlege arbeidsplassar. Edgar har jobba for cruisekai/anløp av cruisebåtar. Han vil og jobbe for etablering av aktuell høgare utdanning på Sandane. Han ser og muligheitene for å utvide næringsarealet i Sandane sentrum ved å fylle ut området framfor Firda Billag og Rema 1000. Bustadpolitikk er eit anna satsingsområde der han ønskjer å legge til rette for fleire tomter i heile kommunen

 

Randi Gunhild Vilnes Honningsvåg utdanna møbeltapetiserar, fødd 1959, har jobba i fiskeinndustrien, på trykkeri, på Krogenæs møbelfabrikk, Sandane industri og kokk på kafé. Driv for tida Sandane omtekking og er tilsett som assistent på Gloppen kommunale kjøkken. Randi er oppteken av kommunal velferd og er politisk interessert i oppveksten til barn og unge, skuletilbod, fritid og trafikksikkerheit. Eldreomsorg og god mat til eldre er ei anna hjertesak.

 

 

Legg igjen kommentar