Statsminister og statsråd besøk

Postet 25. april 2019 |

I dag kunne Gloppen Kommunale kjøkken opne døra inn til kjøkkenet for Statsminister Erna Solberg og hyggeleg møte også med eldre-og folkehelseminister Åse Michaelsen og mange fleire. Dei tok seg tid til å snakke med dei eldre og smake på maten som kjøkkenet tilbyr gjestane sine, dei ser på alle som likeverdige gjester ved sitt bord. Tidspunktet ga menyen: smoothie, bær og frukt. Og når kompe/kompar/klubb som var dagens meny var litt for tidlig å servere, vart det fingermat av diverse kveldskos: pizzasnurrar, vaktel egg, quiche Lorraine, pølser og kjøttbollar med diverse dressingar. Kjøkensjefen var så heldig å få seie nokre ord ilag med styreleiar av Frivillegsentralen vår Kristoffer N. Rygg som sjølv er representant for dei frivillige som kjøkkenet er så glad i. Statsministeren meinte kjøkkenet er unike på dette, ho trudde potensialet er stort og uprøvd mange stadar.

Legg igjen kommentar