Samfunnsdemokratane vil ønskje alle God Påske med denne årsmøteuttalen

Postet 20. april 2019 |

Vi FRYKTAR FORSLAG SOM RAMMER FØDANDE KVINNER, AKUTT SJUKE OG FAMILIANE DEIRA.

Vi går utifrå at overordna målsetjingar for helse- og omsorgtenestene ligg fast, og at befolkninga skal sikrast lik tilgong til gode og likeverdige helse-og omsorgstenester, uavhengig av diagnose eller behov, alder, kjønn, personleg økonomi og bustad. 

SD fryktar nedlegging av fleire sjukehus. Det vil truleg bety nedlegging av fleire fødetilbod rundt i landet. Skjer dette så er det ansvarslaust av styrande myndigheiter, som bør vere kjende med norske geografiske og klimatiske tilhøve.

Jordmødre fleire stader, mellom anna ved Haukeland advarer om forholda for fødande kvinner. Vi ser at det er auke i tal transportfødslarder Sogn og Fjordane er på topp, i negativ forstand, og stadig fleire får lenger reisetid til fødeavdeling. I tillegg så går liggetida ned og nokre stader må familien tilbake den lange vegen til fødeavdelinga til nødvendigkontrollar.

Når mange kommunar i tillegg og slit med å ha eit tilfredsstillande helsestasjonstilbod – då er vi djupt bekymra for ei utvikling som går i feil retning.

Vi håpar i det lengste at regjeringa tek fødande kvinner og akutt sjuke sin situasjon på alvor og sikrar eller helst utvidar dagens tilbod

I Europa er det, allereie no utruleg nok, Norge som har lengst ventetid og kortast liggetid, ofte med fare for re-innlegging. Og tal sjukehus-sengar er halvert, noke som igjen fører til ein pressa situasjon for kommunehelsetenestene.

Å auke sengetalet og ferdigbehandle pasientane før utskriving må vere målet.

Stortinget ved helse-og omsorgskomiteen må syte for at kvalitet og pasienttryggleik i større grad blir førande for korleis vi innrettar sjukehusa våre. Det er Stortinget som må avgjere dette, utan å legge ansvaret for organisering av akutt-og fødetenester over til helseføretaka.

SD har tidlegare teke til orde for at Helseføretaksmodellen bør avviklast. Det står vi ved!
Gunnvor A. Sunde
Leiar Samfunnsdemokratane

Legg igjen kommentar