Samfunnsdemokratane har 8 års dag den 8. mars!

Postet 7. mars 2019 |

Samfunnsdemokratane vil ønske til lukke med 8. mars, til alle flotte kvinner og menn som står saman for likestilling, og har som mål å ta vare på Norge som eit fritt og sjølvstendig samfunn. 8.mars er både kvinnedagen og stiftingsdatoen for Samfunnsdemokratane (SD).

Sidan det no tek seg opp igjen med markering av  kvinnedagen, ønskjer vi at dei som har høve og ønskjer det, kan ta del i dei markeringane. Så kjem SD tilbake til eige årsmøte og nominasjonsmøte seinare i mars.

Kvifor står sentraliseringa så sterkt i Norge når vi veit at dette går hardt utover kvinnehelsa, og spesielt føde-og barselkvinner? Dette er umuleg å rettferdigjere utifrå økonomi og kvalitet, når vi ønskjer oss fleire barn. Noe er det «liksom» mangel på fagfolk som skal rettferdiggjere nedlegging og bortfall av tjenester og sjukehussengar, medan administrative stillingar aukar i omfang.

Nye reglar for 3-delt foreldrepermisjon vart innført sist sommar, i likestillinga sitt namn. No syner det seg at mange er misfornøgde med den nye ordninga. Vi må passe oss for å gjere det slik at likestillinga går på bekostning av barn og kvinner sitt beste. Rettsikkerheita må betrast, og det hastar når det gjeld offer for seksualisert vald.

SD håpar kvinnedagan kan brukast i tråd med visjonane våre. Vi ønskjer eit verdig liv for alle, med menneska i sentrum, istadenfor pengane. Vi ønskjer å bidra til positiv, skapande og løysningsorientert utvikling lokalt, regionalt og globalt.

Legg igjen kommentar