SD ønskjer å setje «tæring etter næring» i 2019

Postet 19. desember 2018 |

Gloppen kommunestyre starta budsjettmøtet med utdeling av prisar; Kulturpris, Arbeidsmiljøpris og så ei ekstra overrasking i år: Trivselskogen på Sandane fekk prisen som fylket si beste turrute og går då vidare til landsfinale. (bildet)

 

 

 

 

 

 

Mykje positivt skjer i Gloppensamfunnet, samstundes som det er nok å ta tak i – det synte igjen på saklista idag.

Årsbudsjettet der Samfunnsdemokratane som vanleg var i opposisjon, fekk likevel gjennomslag for viktige saker ilag med KrF, Høgre og nokre frå fleirtals-konstellasjonen SP, AP, V og SV i nokre av sakene.

Julemiddagen etter 4 timar budsjettdebatt vart i år bringa frå Gloppen kommunale kjøkken til samarbeidspartnaren Mona Vekst, der vi fekk god service.

Så tilbake til sakene:

Røde Kors sitt arealbehov blir no sett i samanheng med utbygginga av nytt blålysbygg.

Kortsiktige og langsiktige tiltak mot mobbing skal rapporterast til kommunestyret. Kommunestyret er skuleeigar og tek mobbing på største alvor.

Investeringar; omsorgsbygg, skular, byggjefelt, næringsareal med meir står i kø, og i tillegg skulle vi gjerne hatt fleire barnehageplassar å tilby for å stimulere til meir tilflytting av barnefamiliar. Sistnemnde fekk opposisjonen dessverre ikkje fleirtalet med på.

SD ønskjer meir fokus på lovpålagde tjenester og stillingskontroll. Fleirtalet røysta for utviding av stillingar og å auke opp budsjettet ved å auke skatteanslaget og forvente høgre statstilskot. Samstundes som dei vil budsjettere med overskot på ei pressa drift, og vedtek store nedskjæringar i oppvekst og helse.

SD ønskjer ei reell budsjettering i balanse, og tett oppfølging av økonomien gjennom heile året. Noke som har ført til pengar på fond, og moglegheiter for framtidige investeringar. Dei siste åra større enn 0,5 prosent slik målet frå fleirtalet vart vedteke i dag.

 

Legg igjen kommentar