Alle nedskjæringar smertar for noken

Postet 22. november 2018 |

Sitat: «Forslag årsbudsjettet 2019 frå Samfunnsdemokratane, framlegg frå Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane
SD vil ha større fokus på lovpålagde tenester og kjem difor med slike innsparingstiltak.

Innsparing administrasjon:
-legge sentrumsplanen for Sandane på vent
-ikkje opprette ny stilling i kommunalt næringsføretak

innsparing Multek:
-ikkje skjerme kultur, dersom nye stillingar blir oppretta må desse finansierast innafor sektorramma

innsparing helse:
-legge ned hyblane og fase inn bebuarane på ledige plassar i omsorgsenteret 

-ta vekk nytt tilskot til privat fysioterapi

-ta vekk overskotskravet.»

SD er uroa for om tenestene til born, ungdom og eldre kan seiast å vere fagleg forsvarleg når mange styrkingstiltak blir tekne bort, og dei tilsette som er att får stadig fleire oppgåver. Kommunane slit med å bli pålagde å yte tenester utan å få utgiftene dekka frå staten. Når ikkje løns -og prisvekst blir kompensert vil det i realiteten vere ein nedgong i tenester. Difor meiner vi det blir feil å skjerme ikkje lovpålagde tenester. Vi vil minke innsatsen der det gjer minst muleg skade.

Sentrumsplanen er omstridd. Manage er uroa for kva som skal skje med parkering og tilkomst til handelsstaden Sandane. Andre er uroa for at planane inneber at dei må gje frå seg eigedom og flytte aktivitet. SD meiner difor at det ikkje hastar å bruke tid og pengar på denne planen no.

Å opprette kommunalt foretak for eigedomsutvikling har SD vore imot heile vegen, fordi vi trur det blir fordyrande, og det eigentleg skal vere stillingsstopp slik den økonomiske situasjonen er.

Både innan oppvekst og helse og omsorg er der svært store innsparingskrav, og vi har følgt tilrådinga frå sektorane sjølve på kva tiltak som smertar minst.

Vi kan heller ikkje tillate oss å støtte dei private fysioterapeutane med nytt kommunalt driftstilskot, då dette ikkje fører til meir behandlingskapasitet.

SD stemte imot å krevje overskot på drifta, då den alt er stram. Å gå i balanse må vere førsteprioritet og er krevjande nok.

No blir budsjett og økonomiplan lagt ut til høyring.

SD håpar mange kjem med innspel.


Legg igjen kommentar