Uttaler frå Årsmøte

Postet 9. juni 2018 |

1. Bru Anda- Lote
Ei bru over Anda-Lote vil knyte 60.000 menneske saman heile døgnet, og syte for betre tilkomst til arbeidsplassar, skular, nærsjukehus, flyplass, fritids- og kulturtilbod og handel.
Ei bru i midtre Nordfjord vil binde heile regionen saman, og dermed skape ein større bu- og arbeidsregion med mulegheit for samhandling og økonomisk vekst. Saman med brua i indre vil det og gje kortare reisetid for mange pendlarar.

Kvart år reiser vel ein halv million menneske over dette sambandet, og brua er difor sjølvfinansiert gjennom ferjeavløysingsmidlar.
SD ber Storting og Regjering om snarast å legge til rette for at brua kan realiserast, og følgje opp kommunalkomiteen sitt vedtak om å utvide ferjeavløysingsordninga til også å gjelde rentekostnadane.

2. Vern om rettane i arbeidslivet!
Arbeidstakarane sine rettar er under press, både når det gjeld arbeidstid, rett til sjukeløn og lønsutviklinga generelt.
Rettane til fast tilsetjing må styrkast, og bruk av midlertidige tilsetjingar må avgrensast.
Midlertidig tilsetjing fører til usikkerheit og problem med å få etablert seg, t.d. det å få huslån.
SD ønskjer at så få som muleg blir ilagt søndagsarbeid, og at dei som likevel må gå skift og jobbe helg får god lønskompensasjon.
I tillegg er det ei unødig stor konkurranseutsetjing av offentlege tenester.
Lovverket skal sikre ein jobb med ei løn å leve av.
Det er viktig at arbeidsplassane har tariffavtaler og at desse blir følgde.
Alle tener på at tilsette er trygge og motiverte for arbeidet sitt, gjennom eit godt lovverk, med mellom anna desse rettane

1909: Første lov om sjuketrygd

1919: Stortinget vedtek åtte timars arbeidsdag og ei veke ferie med løn

1935: Den første Hovedavtalen mellom LO og arbeidsgjevarane

1947: Lovfesting av tre veker ferie med løn

1957: Avtale om dagpengar ved sjukdom

1977: Stortinget vedtar ny og utvidet arbeidsmiljølov

1978: Full løn ved sjukdom. Lov om likestilling.

1996: Avtalefesta pensjon (AFP) fra 62 år

2000: Lenger avtalefesta ferie: To dager i 2001 og to dager i 2002 – til saman fem veker ferie.

SD ber alle partia på Stortinget fortsatt arbeide for gode rettar for alle, noke som vil vere med å oppretthalde velferdsstaten vår som er jobba fram gjennom generasjonar.

3. Barnetrygda
SD støttar FN sin barnekomite som seier at Norge må auke barnetrygda for å unngå barnefattigdom.
Barnetrygda har vore uendra sidan 1996, og må prisjusterast snarast.
Beløpet har stått stille på 970kr, dersom det hadde vore prisjustert hadde beløpet i dag vore kr1500,- pr barn.
Auka må kome frå statleg hald, og ikkje bli overlate til kommunane å kompensere for.

 

Legg igjen kommentar