Treng vi 8. Mars?

Postet 8. mars 2018 |

Kvinnedagen er og stiftingsdatoen for Samfunnsdemokratane, så vi har dubbel grunn til å markere dagen.
Vi har i det siste sett ei endring i behovet for å markere kvinnedagen, og også ha fokus på lovverket vårt, noke som er svært gledeleg.
Dette siste året har nok vist at vi er ikkje så likestilt som vi ønskjer å tru.
I heile landet er der fleire arrangement enn på lenge, så dagen tek seg opp igjen, noke som og er nødvendig.
Likestilling gjeld så mykje meir enn løn, men også det. Vi vil ha likestilling på alle områder, men det vi ser er trakassering og forskjellsbehandling i utdanning, arbeid og sentralisering med bortfall av viktige tenester. Vi har i det siste høyrt om fødande som skal sendast heim 6 t etter fødsel, noke som er heilt uakseptabelt.
«#Metoo» har skapt eit nytt fokus på korleis vi omgåast og tek omsyn til kvarandre. Og likestilling gjeld begge kjønn, så om dagen blir kalt kvinnedagen, er det likestilling for begge kjønn som er målet.
Trakassering er uønska på alle områder: i heimen, på skulen, på arbeidsplassen og i fritida.
Altfor få kvinner er i leiande stillingar, både på arbeidsplassar og i styrerom, og syner lite att i mediabildet.
Vi må alle vere med å avdekke uønska utvikling. Det handlar om inkludering og normal folkeskikk med grensesetjing der vi respekterer kvarandre.
Haldningar som må jobbast med heile året, ikkje berre 8. Mars!

Leiar SD
Gunnvor A. Sunde

Legg igjen kommentar