Gloppen anno 2018

Postet 30. januar 2018 |

Revidert budsjettet 2018 har vore jobba svært grundig med, likevel kom Sp ilag med samarbeidspartia sine Ap og V med ei alternativ tilråding i sist formannskapsmøte, utan å peike på kva uprioriterte tiltak som skal gje overskot til drifta av Gloppen kommune, når det alt er gjennomført smertelege kutt.

Slik eg ser det er det merkeleg etter alt arbeidet som har blitt lagt ned i å finne potensielle innsparingar. Alle parti har vore representert i nedskjæringsgruppene, då burde det alt ha kome fram som tiltak. Utifrå det eg kjenner til, har gruppene vore samstemte, så korleis kan dette oppstå?
Også SV, som er eit samarbeidsparti, tok til orde for å gå vekk ifrå overskotskravet i sist møte i oppvekst, det håpar eg står seg til avstemminga i kommunestyret.

Samfunnsdemokratane (SD) har i heile prosessen stemt imot overskotskravet, fordi det framstår utifrå fleirtalsvedtaket i formannskapet som kun «tenk på eit tal» så lenge det ikkje blir peika på kva som skal  takast vekk av tenestene vi tilbyr innbyggjerane i dag.
No såg det ut etter formannskapsmøtet som Krf står åleine om dette, det stemmer dårleg. Vi er fleire som støttar det grundige arbeidet som har vore gjort i arbeidsgruppene, og vil støtte tilrådingane derifrå.

For oss som har vore innom alle lag i det politiske arbeidet: kommune, stat og fylke, er det lite tvil om kven som har mest å rutte med.
Staten driv med gedigne overskot og svelteforar både fylkeskommuner og kommunar. Kommunane må ta ein altfor stor del av den totale drifta som kjem innbyggjarane til gode. Medan staten tildelar rettar og godar, får kommunane korkje kompensert for jobbane, eller høve til å ta seg betalt.
Det er nettopp her eg er viss på at mange forreknar seg i det å samanlikne privat og kommunal drift.
Private kan ta seg betalt, og om kommunane kunne gjort det same, hadde vi kunna hatt høve til overskot vi og, slik er ikkje demokratiet og velferdsstaten innretta.

Gloppen har på mange område den seinare tida vist positiv utvikling, også som den største tilflyttarkommuna i fylket, noke svært mange har jobba målretta for.

Slik SD ser det, er det nettopp grunna dedikerte og kompetente innbyggjerar, tilsette, nytenking og handlekraft, og tydeleggjerning av Gloppen, at det stadig resulterer i velfortente utmerkingar og folkevekst.

Eg har lyst å ta med eit par sitat som seier noke om leiarstil og grunnen til suksess: «er ikkje dei tilsette på lag, går ikkje utviklinga rett veg.»
Eg vil utvide det til å seie: «er ikkje dei tilsette og dei som styrer på lag, vil utviklinga gå i feil retning.»
Både tilsette, private, tillitsvalde og politikerar har vore saman om å gje politikerane ei tilråding, den vil eg, til liks med Krf tilrå kommunestyret å følgje.

Eg kjøper ikkje argumentet om at Gloppen må gå med overskot. Kommunal drift er ikkje meint å vere privat drift og kan difor ikkje samanliknast. Og det undrar meg svært at det då er Sp, Ap og V som frontar overskotskravet som er meir høgretenking. Det dei som krev ytterlegare kommunal nedskjæring vil spare, vil kome att som utgift like fort og kanskje enno dyrare ein annan stad, og det vil SD unngå.
Å drifte i balanse er kravet frå myndigheitene, det stemmer vi for. Då tek vi vare på både tilsett og den einskilde innbyggjar, og i tillegg den positive utviklinga Gloppen er inne i.

Det er viktig for dei som vil følgje med på dei forskjellige partia si innstilling til sakene å faktisk sjå kven har vore med, og kven har stemt kva? Eg har hatt forfall i budsjettdebatten både som meddommar i straffesak og som tilsett. Der eg har møtt har eg stemt for budsjettbalanse.
Det er berre å melde si interessert for å ta i eit tak. Det trengs for forståinga av korleis det offentlege blir styrt, og for å forstå dei forskjellige rammebetingelsane.
Eg har tidlegare teke til orde for ei ordning der alle får ta sine plikt-år i politikken, og trur kanskje det er på tide å lufte den tanken igjen.
Kommunal drift kan ikkje samanliknast med privat drift, heller ikkje interkommunal, fylkeskommunal- eller statleg drift utifrå mine erfaringar, for det syner seg år etter år at kommunane er den som skal utføre meir og meir tenester, medan andre sit att med driftsmidlane.
Dette kunne vere noke å ta tak i for regjeringsparti og andre, før det kan bli foreinleg med eit overskotskrav.

Venleg helsing
Gunnvor A. Sunde
Leiar SD

Legg igjen kommentar