Ope brev til Helse Førde

Postet 15. desember 2017 |

Samfunnsdemokratane sluttar seg til innhaldet i brevet som Norges Kvinne og familieforbund Sogn og Fjordane krins har sendt til Helse Førde.

 

«Ope brev til styret i Helse Førde.

Kvifor må kvinners helse alltid være salderingspost?

Norges Kvinne- og familieforbund, Sogn og Fjordane krins er svært kritisk til at det nok ein gong er kvinner i Sogn og Fjordane sitt helsetilbod, som bli råka av nedskjæringane i Helse Førde.

Vi krev at styret no tek omsyn til uttalane frå kommunestyra i Eid og Lærdal 14.12.17. Tilliten til helseforetaket er allereie tynnslitt. Då fødeavdelingane vart nedlagde framheva helse Førde at gynekologitilbodet i Eid og Lærdal skulle vere eit kompenserande tiltak, og no ikkje lenge etter blir desse føreslegne nedlagde.

Det må snarast lysast ut og tilsétjast i gynekolog stillinga som blir ledig til sommaren.
Vi fryktar at fleire og fleire tilbod forsvinn frå lokalsjukehusa med bakgrunn i at det er forsvarleg så lenge vi har tilbod i Førde. Dette stemmer dårleg med å ha pasienten i fokus.»

 

Legg igjen kommentar