Gloppen ønskjer Sogn og Fjordane som eige fylke i framtida
Gloppen kommunestyre sa i dag nei til den framforhandla intensjonsavtala mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Samfunnsdemokratane (SD) kom med endringsforslaget som fekk fleirtal i formannskapet og som sidan vart til eit utvida felles framlegg av Ap, Sp, SV, MDG og SD.
H, V og Krf er sjølvsagt lojale mot eiga regjering, og sa ja til avtalen som har mykje uavklara i høve framtida for ein vestlandsregion.
Samfunnsdemokratane oppfordrar også fylkestinga til å seie nei, og bremse den storstila sentraliseringa som denne regjeringa har lagt opp til, i eit forrykande tempo, utan å konsekvensutgreie.
Den norske velferdsmodellen, er nettopp bygd opp ved å ta i bruk ressursane i heile landet. Nærleik og lokal kunnskap har vore viktige stikkord for å lukkast. No er stor og robust det einaste som ser ut til å telje for maktapparatet i Oslo.
Tida er inne for å sende tydelege signal tilbake, slik Gloppen kommunestyre no gjer.
Ei reform utan innhald og sikring av lokale ressursar, er ikkje er reform som gagnar folk flest!
Legg igjen kommentar
Følg oss