Uttale frå Samfunnsdemokratane (SD) om arbeidstidsavtale for lærarane

Postet 24. mars 2014 |

SD i Gloppen støttar lærarane fullt ut.
Uttale til KS om arbeidstidsavtale for lærarane.
Samfunnsdemokratane i Gloppen ser med uro på den prosessen som no foregår omkring KS sitt ynskje om å snu opp ned på eksisterande arbeidstidsavtale for lærarane.
Ein av føresetnadane for ein god skule er ein open dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar basert på tillit og respekt.
Vi har full tiltru til det arbeidet lærarane utfører. Eksisterande avtale mellom utdanningsforbundet og KS bør vidareførast med eventuelle mindre justeringar som partane vert einige om.
Lærarane sitt arbeidsår er komprimert for at lærarane skal vere til stades når elevane er til stades. Dette meiner vi er til beste for elevane og er ei ordning som har fungert i mange år.
Det hjelper ikkje elevane at lærarane skal arbeide i 7 veker når elevane ikkje er til stades utan at den totale arbeidstida skal utvidast. Ein konsekvens av dette vil vere at det vert mindre tid tilgjengeleg for elevane i skuleåret.
I eksisterande avtale ligg det gode muligheiter for kompetanseheving innanfor eksisterande arbeidstid.
Vi er svært uroa over at med den strategien KS har valt vert resulatet større ulikskap og auka byråkrati.

Legg igjen kommentar