Uttaler frå Årsmøtet – 08.03.14

Postet 13. mars 2014 |

Næringsjef i Gloppen

Samfunnsdemokratane meiner at satsing på næring er så viktig for Gloppen at vi no må prioritere midlar til ei 100% stilling  som har utvikling av næringsaktivitet i Gloppen som sitt arbeidsområde.

Stillinga vil vere sjølvfinansierande på sikt ved å tilføre kommunen midlar i form av skapte arbeidsplassar både offentlege og private.

 

Reservasjonsrett for legar

Samfunnsdemokratane ber Regjeringa presisere rettane i abortlova og rydde vekk mistydingane rundt reservasjonsrett. Sitat frå abort lova: «Begjæringen om svangerskapsavbrudd skal fremsettes av kvinnen selv.»

1. Kvinna sjølv skal fortsatt ta eigne val når det gjeld reproduktive rettigheter, og legar skal ta i vare kvinnene sine rettar utifrå gjeldane regelverk.

2. Eigendefinert reservasjonsrett må avskaffast.

3. Reservasjosretten skal som før og slik lovverket definerer det, også i framtida gjelde for dei som skal utføre inngrep.

4. Stortingen må definere lovverket og ikkje overlate til kommunane å lage eigne lokale reglar i ei lovbestemt sak.

 

Lånetilbod

Samfunnsdemokratane reagerer sterkt på alle dei useriøse og villeiande lånetilboda som dukkar opp i post og på nett. Unge førstegongs låntakarar / etablerarar har vanskar med å finansiere eigendelen på ordinært lån. Krava til eigendel må senkast samstundes som reklamen for dyre lån må skjerpast. Mange av låna lokkar og med tilbod om lån mot ingen sikkerheit, noko som kan lage gjeldsslavar for resten av livet. Regelverket rundt oppkjøp av gjeld må og innskjerpast.

 

Legg igjen kommentar