Gloppen Formannskap sitt forslag til budsjett/økonomiplan 2014-2017

Postet 28. november 2013 |

Kommunal-og moderniseringsminister Jan Tore Sanner får medhald i fleirtalsvedtaket frå Gloppen formannskap 28.11.13.

Den nye regjeringa ønskjer forenkling av byråkratiet for å få større fokus på tenestene vi skal yte til innbyggjarane, dette låg inne i  fleirtalsvedtaket  i Gloppen formannskap i dag.

I det nye framlegget  for budsjettet 2014 og økonomiplanen 2014-2017 som vart lagt fram av gruppeleiaren i Høgre, på vegne av Høgre, Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti og Samfunnsdemokratane, har fleirtalet betra balansen med ca 2 mill og dermed redusert bruken av disposisjonsfond frå ca 3.7 til 1.7 million, samstundes som vi skjermer tenestene til innbyggjarane.

Signala frå den nye Regjeringa om forenkling syner att i fleirtalsvedtaket som reduksjon i administrativ leiing og avslutning av prosjektet: Saman om ein betre kommune, og å kutte styringsverktøyet : Betre styring.

Det er lite effektivt med for mange parallelle rapporterings-og styringssystem som opptek tida til dei tilsette. Kompetanse i tenestene er viktig, så fleirtalet endra og punktet som gjeld kvalitetsutvikling i tenestene, der fokuset skal vere på dei tenestene det offentlege skal yte innbyggjarane.

Gloppen formannskap har med dette sagt at vi prioriterer fokus på best muleg tenester til innbyggjarane, når vi må velje kva vi kan ta oss råd til.

I tillegg sa Formannskapet noke om tilhøva for gode arbeidsforhold for dei folkevalde ved at vi ønskjer å utvide utsendingstida av saken til 7 dagar før møta. Dette for betre å kunne utøve den politiske rolla som folkevalde i Gloppen.

 

Legg igjen kommentar