Samfunnsdemokratane – Med menneska i sentrum

Postet 6. juni 2013 |

Samfunnsdemokratane sitt framlegg fekk berre støtte av KrF og Formannskapet gjekk dermed inn for rådmannen sin tilråding lista på 39 moderniseringstiltak. Lista ligg her.

Samfunnsdemokratane sitt framlegg i 4 punkt som og støttar innspelet ifrå eldrerådet.

1. Formannskapet tek ikkje orienteringa til vitande og moderiseringstiltaka blir sende ut på høyring.

2. I den grad det skal gjerast endringar i tenestene til innbyggjarane, skal kvart tiltak konsekvensutgreiast og dokumenterast med innsparingar og konsekvens for brukarane, og leggast fram for politisk avgjerd.

3. Ingen fast tilsette omfatta av omstillingsreglementet i Gloppen kommune skal seiast opp, før andre løysingar er grundig gjennomgått som: naturleg avgang, omplassering, omskulering, oppretting av stillingsbank, avslutting av midlertidige tilsetjingar m.m.

4. Formannskapet ber rådmannen snartast legge fram sak om politisk og administrastiv organisering som er meir i tråd med dei kommunale oppgåvene enn dagens modell.

Legg igjen kommentar