Administrasjonsutvalet må sikre rettstryggleiken til dei tilsette.

Postet 1. juni 2013 |

Gloppen: Leiaren av Samfunnsdemokratane ber om å bli løyst frå vervet som leiar i administrasjonsutvalet i Gloppen kommune. Dette er ei sak om rett saksframlegging og føring av møtebok i eit offentleg utval. Kva som har skjedd i møta er mindre interessant, i alle fall når den eine som uttaler seg i avisinnlegget i Firda Tidend fredag 31. 5. har meldt forfall til dei fleste møta det siste året, og heller ikkje var til stades på desse to siste møta som omhandla denne konkrete saka, nestleiaren har møtt på 2 av 6 møter sidan midten av juni i 2012. Det som er viktig og heilt nødvendig er at alle kan lese og forstå møteboka likt. Kommunen er inne i eit omstillingsarbeid, og dette gjeld saka om omstillingsreglement, som kan avgjere kven som har jobb og ikkje, om kort tid. Mi overbevisning går på at møteboka gjenspeglar ikkje det som skjedde i møtet, der vi gjorde endringar i tilrådinga frå rådmannen, og dei tillitsvalde både støtta og hadde sendt inn høyringssvar på at ansiennitet skulle vere prioritet 1. Kun 3 av dei hovedtillitsvalde sit i utvalet, så det er viktig at alle som blir involverte kan lese det som vart vedteke av utvalet, også dei som ikkje var tilstades. At det no har oppstått ein diskusjon av korleis møta våre er, vitnar om at ein har forskjellig oppfatning av verkelegheita, det styrkjer nettopp det eg vil fram til at ordlyden er kjempeviktig! Kva vart vedteke? Utifrå møteboka, så er det rådmannen si tilråding slik den låg føre ved innkallinga. Utifrå medlemmene si oppfatning, justeringar i fleire punkt! Og det undrar meg etter alle høyringsuttalane som kom frå dei tillitsvalde som gjekk på at ansiennitet må telje som nr 1., at det vart godteke langt nede på lista i ordlyden i nytt reglement. Les høyringssvara, det er gjennomgåande.

Kvar står i vedtaket om kva som vart endra? Det er dette saka handlar om, kva utvalet syns om meg som møteleiar, er eit forsøk på å vri fokus i saka. For så vidt hyggeleg å få skryt i avisa av politiske motstanderar, men eg kjende meg manipulert av administrasjonen, og det er alvorleg. I tillegg hugsar eg godt kva som vart sagt av rådmannen om mitt forsøk på omkamp. Nok ein gong eit forsøk på å ilegge meg feiloppfatning. Slike unnskyldningar kan rådmannen spare seg, og heller nytte seg av den kompetansen som er opparbeidd over år, også i Gloppen, på møtebokføring. Då kanskje kan eg vurdere å leie utvalet vidare til presise møtebøker, slik at vi slepp nyval. For det er heller ikkje slik avisa skriv så enkelt at nestleiaren rykkjer opp. I følgje reglementet vårt må det gjerast nyval.

Lenke her.

Legg igjen kommentar