Forsking på kompetanse

Postet 19. februar 2013 |

Tankar etter ein inspirasjonsdag: KOMPETANSEMOBILISERING med LINDA LAI i kultursalen i Gloppen. Salen skulle gjerne vore fullsett, for dette har alle godt av (bruk for) å høyre. Forskingsresultat kring korleis ein får nytta den kompetansen ein har, betre. Bedrifter, kommunar, som tilsett, nyttig for alle.

Forskinga til Linda Lai har avdekka at følgjande 3 faktorar er avgjerande for høg kompetansemobilisering.
1)      Meistringstru – tru på eigen kompetanse – må støttast av leiar
2)      Autonomi – oppleve tillit og mulegheit til å jobbe utan unødig kontroll og overvaking
3)      Sosialt og fagleg tilhøyre – riktig støtte fra næraste leiar og kollegaer
I neste omgong skapar desse faktorane indre motivasjon i jobbsamanheng – og indre motivasjon er den viktigaste faktoren for yting.
KOMPETANSEMOBILISERING – EIT LEIARANSVAR
Til sjuande og sist er kompetansemobilisering eit leiaransvar. Alle leiarar må ta rolla med å få nytta kompetansen best muleg på alvor, og ta rolla som motivator og tilretteleggjar svært alvorleg.
Ved å fjerne leiinga meir og meir frå dei ein skal leie, blir vel det litt vanskeleg? (Jfr. ny leiingsstruktur i Gloppen)
Eit anna tema var MÅLEMANIEN mange er smitta av, men det var tema for avisinnlegg-skriving sist helg, så det kjem nok på trykk 🙂

Legg igjen kommentar