«Det er ordføraren sin feil at Per ikkje kan lese.»

Postet 6. januar 2013 |

Overskrifta er ei utsegn frå politikaropplæringa, viktig å tenkje igjennom for folk flest. Vi som er røysta inn på vegne av fellesskapet må vere nøye med dei vedtaka vi gjer, og gjere det vi kan for å sjå konsekvensane av dei.

Velferdsstaten vart til gjennom eit verdistyrt sosialdemokrati der dei styrande prinsippa var å bry seg om kvarandre, skape og dele. No styrer pengane.

Norge er utsett for ei rein nedbygging av politiske og moralske verdiar. Høgare, raskare, sterkare er mantra for samfunnsutviklinga. Mange av dei som no styrer har gjett opp draumen om likeverd, rausheit, tryggleik og rettferdig fordeling for alle. Det er den tilfredse majoriteten som er viktig å tilfredstille, men over tid vil meir til nokon, bety mindre til fleire. 107.000 fattige barn gjekk jula i møte, uverdig i rike Norge.

I budsjettdebatten i Gloppen har Samfunnsdemokratane (SD) teke til motmæle mot omstilling/oppseiingar vi ikkje veit konsekvensane av. SD meiner at privatisering og omstilling av lovpålagde kommunale tenester fort kan bli dyrare og dårlegare, og dette har skapt ein del avisoverskrifter og innlegg.

SD har i sitt program at vi ønskjer samarbeid med/ å legge til rette for private. Likevel er der nokre tenester som ikkje kan driftast med overskot, tenester som gjeld dei svakaste. Så når nokon prøver å framstille det som vi er imot alt som er privat, tilrår eg at dei les programmet vårt. Private barnehagar har vi alltid støtta, i 2013 utgjer kommunale midlar 94% av driftsmidlane. Så til eit mykje nytta inkje-seiande uttrykk: «å snu alle steinar». Men alle tenester er ikkje med og dei tiltaka som er oppførde er dei som alt er skore ned. Det vi burde sjå på er drifta av tenester der vi ligg høgt over forbruket i kommunane vi kan samanlikne oss med. Ingen av desse er tema i sparedebatten og omstillingsprosjekta!

Dei einaste konkrete tala er kutt i bruk av sjuke- og ferievikarar.

Der resultatet truleg vil gje auka utgifter til kommunen og samfunnet. I form av auka sjukefråvær, og at tenestene må utførast av andre. Det vil gå ut over mottakarane av tenestene, som oftast er pleietrengande, eldre og sjuke.

Kutt i skuleverket vil gå ut over dei svakaste der og, kanskje ikkje dei aller svakaste, men dei nest svakaste. Dette vil igjen føre til fleire som treng spesialundervisning og dermed auka utgifter for kommunen.

 

Mat som medisin: ernæringsrik, tilpassa og appetitt-vekkande mat er noko av det beste førebyggjande tiltaket ein kommune kan ha. At folk held seg friske må vere langt billegare enn å måtte sette inn store ressursar på behandling og rehabilitering når eldre utan tilsyn har eit einsidig kosthald, dett og bryt lårhalsar, vert uklåre pga dårleg ernæringsstatus, får beinskjørheit, dårleg regulert blodtrykk/blodsukker, og blir isolert. I dag blir maten laga av det kommunale kjøkkenet, bringa ut varm og nylaga av frivillige. Det bidreg til rett ernæring så ein kan unngå institusjonalisering, oftare tilsyn for å motverke einsemd, og avlastning for hjelpeapparatet elles. Kva blir samfunns-og miljørekneskapet av dyre utgreiingar og å kjøpe dårleg tilpassa tenester utanfor kommunen?

Og slik kan ein fortsetje om dei andre tenestene, og neste budsjett-haust er vi på same staden, vi må spare. SD vil ha ei betre fordeling av godane, vi vil byggje infrastruktur, legge til rette for verdiskaping og busetjing, vi vil ha nærleik, ikkje avstand. Med meir og meir styringsverktøy frå Oslo, blir vi snart alle styrt etter det som høver i Oslo. Men spørsmålet er; passar det for heile landet? Det vi treng er eit samfunnsrekneskap, å satse på dei verdiane som verkeleg betyr mest nestekjærleik, solidaritet, likeverd.

Vi kom med eigne forslag som vart nedstemte eller avviste av dei andre partia. SD gjekk til val på eit verdig liv med menneska i sentrum. Godt nyttår kjære medmenneske!

Gunnvor A. Sunde

Leiar Samfunnsdemokratane

 

Legg igjen kommentar