Uttale frå Samfunnsdemokratane sitt fylkesårsmøte 2012

Postet 20. mars 2012 |

Vi vil jobbe hardt for å samle fylket i å snu tankegangen frå nedbygging til utvikling.

Samfunnsdemokratane, det nye valalternativet, vil investere i skular, helse, mat, veg og breiband.

For Samfunnsdemokratane er lokalt eigarskap og bygging av infrastruktur i heile landet det viktigaste tiltaket for næringsutvikling.

Vi må ha eit skikkeleg løft i den neste nasjonale transportplanen, ikkje minst for ferjefri E-39 gjennom Sogn og Fjordane, og auka fokus på gang-og sykkelvegar.

Samhandlingsreforma utfordrar oss til å setje mennesket i fokus, nettopp det vi står for i politikken vår.

Helseføretaksmodellen må avviklast, og vi fortset arbeidet for lokalsjukehusa våre.

Om nødvendig med etablering av private klinikkar for å sikre tryggheit for liv og helse også i distrikta.

Sogn og Fjordane, eller The Fjords, som dei seier i utlandet- har store utviklingsmulegheiter om vi spelar på lag med folket og naturressursane.

Som nytt valalternativ tenkjer vi at veljarane kan ha nytte av å bli kjende med oss, og vi konstaterer at det er store utfordringar i det å vere politiske gründerar.

Vi vil no arbeide aktivt med å samle 5000 underskrifter slik at vi kan stille liste til det komande Stortingsvalet.

 

For dei som treng meir info er vi å finne på heimesida: samfunnsdemokraten.no.

Der ligg det program, aktuelle saker vi har arbeidd med, og utskriftsvenleg underskriftsliste.

Vi har og eigne facebook-grupper for partiet og motorklubben.

 

 

Legg igjen kommentar