Oppdatert vedtak om val av trase for E39 igjennom Nordfjord

Postet 19. mars 2012 |

Sak til kommunestyret 19. mars 2012

Bakgrunn for saka:

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har med klart fleirtalt vedteke at E39 skal følgje dagens trase
frå Skei til Lote med bru over Nordfjord mellom Lote og Anda. Det vidare trasevalet frå Lote
til Volda er ikkje gjort fleirtalsvedtak om.

Statens Vegvesen har i sin KVU tilrådd 2 alternativ der det eine går med bru over Lote-Anda i
samråd med fylkestinget sitt vedtak. Dei har samstundes klargjort at S-alternativet er
uaktuelt som traseval gjennom Nordfjord då dette både vert dyrare og representerar ein
omveg for dei reisande.

Hornindal og Stryn kommunar har gjennom vedtak i kommunestyra gått vekk frå
kompromisset som S-alternativet var mellom Nordfjordkommunane og gått inn for indre
alternativ i samråd med Statens Vegvesen si tilråding.

Gloppen kommunestyre har ikkje hatt saka oppe til drøfting med bakgrunn i den nye
situasjonen som har oppstått etter fylkestinget sitt vedtak og Statens Vegvesen si tilråding.
Tidlegare vedtak seier at Gloppen går for S-alternativet. I dag er det difor kun Gloppen
kommune som går for S-alternativet.

Saksutgreiing:

Det vert arbeidd aktivt frå fleire hald for at indre trase vert det føretrekte valet for E39
gjennom Nordfjord. Det er difor viktig at det sitjande kommunestyret i Gloppen gjer det
klart kva som er standpunktet i saka med bakgrunn i dei vedtak og tilrådingar som no ligg på
bordet. Spesielt sidan både Stryn og Hornindal kommunar har gått vekk frå kompromisset
med S-alternativet basert på bru over Lote-Anda vidare gjennom Kviven til Volda.

For alle brukarar av E39 i Nordfjord (med unntak av dei som bur i Stryn og Hornindal) som
skal nordover vil trasevalet gjennom Kviven (S-alternativet) representere ein omveg på ca 36
kilometer(30 minutt). Dette rimar dårleg med at vegen skal vere ein effektiv transportåre for
dei innbyggjarane som er avhengige av vegen. Med bakgrunn i fylkestinget sitt vedtak går
den rimelegaste vegen gjennom Nordfjord i nord-sør retning via bru over Lote-Anda vidare
gjennom tunnel i Stigedalen og bru over Austefjorden til Volda(alternativ K7 i KVU’en frå

Statens vegvesen) . For Stryn og Hornindal vi raskaste vegen gå via Kviven som straks er
ferdigstilt og skal opnast i løpet av sommaren 2012. Den kortaste vegen mellom Skei og
Volda gjennom Nordfjord går via trase K6 som samstundes eliminerar 2
riksvegferjesamband, høvesvis Anda-Lote og Folkestad-Volda. Denne traseen er 84 km lang i
flg. Statens vegvesen mot indre trase som er 87 km.

Det er og viktig at ein snarast råd får avklara med Statens Vegvesen kvar det aktuelle
festepunktet på ei bru mellom Anda og Lote vil ligge. Dette for å starte arbeidet med å
klargjere regulering av grunnen i området, slik at dette ikkje vert ein flaskehals i det vidare
arbeidet med E39.

Tilråding:

Kommunestyret i Gloppen vedtek at E39 skal fylgje eksisterande trase frå Skei til Anda via
bru over Nordfjord til Lote. Vidare trase frå Lote til Volda føl Statens Vegvesen si tilråding for
midtre alternativ kalt K7 som går med tunnel gjennom Stigedalen og vidare med bru over
Austefjorden, alternativt trase K6 som også går gjennom Stigedalen men endar opp med
flytebru over Voldafjorden. Det siste alternativet vil Avløyse 2 riksvegferjer Lote-Anda og
Volda-Folkestad og er samstundes det kortaste alternativet med sine 84 km frå Skei til Volda.

Gloppen kommune tek snarast kontakt med Statens Vegvesen for å avklare plassering av
aktuelt endepunkt på brua ved Anda. Dette for å kunne starte førebuande reguleringsarbeid
i området for å legge til rette for raskast mogleg framdrift for bru-prosjektet.

Legg igjen kommentar