Samfunnsdemokratane feirer 1 års-dag 8.mars 2012

Postet 23. februar 2012 |

Info Samfunnsdemokratane mars 2012

I mars blir programmet tett for vår del, vi har tre strake torsdagar på rad med møte, og feiring.

Grunna eigne vedtekter og tid, kjem vi til å skilje mellom årsmøtet og 1-årsfeiringa.

1.mars i kommunestyresalen kl 19.00

er det vanleg styre/gruppe/medlemsmøte med utvalssaker som skal til behandling i dei forskjellige utvala og formannskapet veka etter.

– Sakene finn de på heimessida til kommunen http://gloppen.kommune.no etter kvart som dei blir lagde ut.

– Geir har alt meldt inn ei sak frå kontrollutvalet som bør trekkjast frå formannskapet.

– Sakshandsamingsfeil ang. betalingssatsane om mat, må takast opp igjen i helse-og omsorgsutvalet.

– Anne-Grete informerer om motorklubben, vedtekter og skriv.

– Svarbrev frå Samferdsledepartementet ang. E-39.

(eit litt artig samantreff her, brevet kom frå SD til SD)

 

8.mars- Hurra, vi blir eitt år! Det må feirast! Gloppen hotell kl 18.00, same stad som vi var for eit år sidan.

– Miniseminar med reklamefirmaet Kib & Morits frå Volda om laging av heimeside og viktigheita av reklame.

– Middag som kvar enkelt betalar, difor påmelding

– Vi inviterer lokalt næringsliv til gratis miniseminar og til å ete middag med oss

– Kjem annonse med info om påmelding seinare, Kib & Morits er flinke så denne sjansen må de gripe, set av kvinnedagen til feiring 

 

15.mars i kommunestyresalen kl 18.00 årsmøte/ medlemsmøte

Vanlege årsmøtesaker

Årsmelding v/Geir, Gunnvor

Rekneskap og budsjett v/ Øyvind

Arbeidsprogram for året, hovedfokusområder:

Motorklubben

Openheit i offentleg forvaltning

Registrering i partiregisteret

Kom med innspel!

Val

Dei som har lyst å ta i eit ekstra tak i styret eller motorklubben er velkomne, og vi treng fleire medlemmer, mange er enige med oss, be dei inn som medlemmer.

Påminning frå kasserar: Kontingent: kr 250,- ver vennleg å betale til konto 3705.19.30437 for 2012.

Legg igjen kommentar