Samfunnsdemokratane sin uttale om E39

Postet 29. januar 2012 |

E39 gjennom Nordfjord – Framtid eller fortid

Vi er vitne til at Statens vegvesen under sitt arbeid med KVU for E39 gjennom vårt fylke presterer å tilrå flytting av E39 frå dagens trase over Lote-Anda til inste botnen av Nordfjord for å spare staten for etter eige utsegn 2-4 milliardar kroner. Ved denne flyttinga får 4 av 6 kommunesenter i Nordfjord betydeleg lenger veg til hovudtrafikkåra nord-sør gjennom fylket.

Regionflyplass for Nordfjord(Sandane Lufthamn)
I tillegg fjernar ein denne viktige vegen frå regionen sin flyplass (som i november 2011 vart gjenopna etter opprusting for ca 140 millionar kroner) som ligg like ved Anda ferjekai. Dette gjev til dels betydeleg lenger reisetid for dei som skal ta fly til og frå regionen.

Pendling
Pendling mellom kommunane i midtre og ytre Nordfjord vert betydeleg vanskelegare enn eksisterande løysingar.  I Nordfjord har statens vegvesen brukt 45 minutt som pendlaravstand mot 1 time både i Møre og Romsdal og i Hordaland.  Ved å gjere dette kunstgrepet har ein prøvd å skape intrykk av at ei midtre line er mindre samfunnsnyttig enn ei indre line fordi ein «likevel» ikkje klarer å få med seg Ytre og Indre Nordfjord(delar av Sunnfjord og Volda) i ein samla bu og arbeidsregion dersom ein vel midtre alternativ.  Ved å bruke 60 minutt som avstandsmål får ein med både Bremanger, Jølster og Volda i tillegg til ALLE Nordfjordkommunane i ein samla bu og arbeidsregion ved alternativ K6. Ingen andre traseval har same effekt som eit midtre alternativ over Lote-Anda, gjennom Stigedalen og via flytebru til Volda(K6, 84km).

Ferjeavløysing
Til slutt vel ein å la vere å fjerne den største flaskehalsen for trafikken internt og gjennom Nordfjord nemleg ferja Lote-Anda med ein årsdøgntrafikk på 2240 bilar siste år. Fjerning av eksisterande ferjer er hovudføresetnaden med ny og opprusta E39 mellom Trondheim og Kristiansand.  I tillegg er det både nord og sør for fylket vårt teke omsyn til næringsutvikling i regionen. Med si tilråding er det kunn 2 kommunar (Stryn og Hornindal med til saman 6500 innbyggjarar) av 6 kommunar som er teke omsyn til på kostnad av dei resterande 4 kommunane (Eid, Gloppen, Selje og Vågsøy til saman 20000 innbyggjarar) med grunngjeving å spare staten for pengar. Dette vitnar rett og slett om mangel på kunnskap om næringsstrukturen i regionen og verknaden av gode og samanbindande samferdsleløysingar for utviklinga av området.
Eit anna uforståeleg moment i utgreiinga til vegvesenet er at ein finn det formålstenleg å nytte 1,5-2,5 milliardar på å byggje ei bru som ikkje eingong er ferjeavløysande og som det tek 20 minutt å køyre utanom. Ved val av indre trase er per definisjon E39 ferjefri gjennom Nordfjord. Korleis vi skal kunne argumentere for å få bygt ei bru som har desse føresetnadane står for oss som ei gåte.  Med få eller ingen argument att som grunngjeving for å få bru over Nordfjord i indre står regionen att som den store taparen og vi har fått separert kommunane i Nordfjord for all framtid.
At fylkesrådmannen vår, som burde ha som si hovudoppgåve å skape vekst og utvikling i heile fylket, er mest oppteken av at trafikken kjem raskast og for staten billegast mogleg forbi vår region utan å ta omsyn til eiga næringsutvikling, er komplett uforståeleg.

Kvivsvegen som ein skal nyttiggjere seg av for å spare staten for pengar, er bygt for å skaffe Søre Sunnmøre raskare tilkomst til Austlandet/Oslo via vegen over Strynefjellet. I tillegg får Stryn og Hornindal kortare veg til Volda.
Resten av innbyggarane i Nordfjord har ingen nytte av denne vegen. Dersom ein skal få dette til må ein ha like gode geografikunnskapar som statssekretæren til helseministeren som meinte at det vert 15 minutt kjøretid mellom Stryn og Volda når Kvivsvegen opnar.
Skal ein til Volda frå Eid eller Gloppen er kortaste vegen via eksisterande opprusta veg gjennom Stigedalen. Skal ein til Ålesund reiser dei i ytre Nordfjord via Årvik-Koparnes og Hareid-Sulesund medan dei frå Eid og Gloppen som skal til Ålesund kan enten reise via Stigedalen eller via Grodås og Stranda-Liabygda til Sjøholt og Ålesund. Denne siste strekninga er også den kortaste og raskaste vegen til Ålesund både frå Hornindal og Stryn.

At 4 Nordfjordkommunar på denne måten skal lide for at Kvivsvegen er bygt for å gje vegutløysing austover for søre Sunnmøre vert rimeleg søkt.
I tillegg er det som tidlegare nemnt lagt ned store beløp i opprusting av flyplassen på Anda samt at det for få år sidan var opna ein ny parsell av E39 mellom Kleivedammen og Andenes forbi Sandane som faktisk er einaste delen av eksisterande E39 i fylket som tilfredsstiller dei nye krava til europaveg/stamveg.

Under arbeidet med KVUen i Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland er det naturlegvis teke omsyn til eksisterande og framtidig næringsutvikling langs traseen men i Nordfjord vel fylket si eiga avdeling av Statens vegvesen å sjå heilt vekk frå dette og argumenterer med at det viktigaste er at staten kjem seg billegast mogleg gjennom regionen.

Raskaste veg
Raskaste vegen mellom Skei og Volda er i følgje Statens vegvesen og logisk nok via alternativ K6 som går via bru Lote-Anda gjennom Stigedalen og vidare til flytebru over Voldafjorden frå Folkestad. Dette alternativet fjernar 2 eksisterande tungt trafikkerte ferjestrekningar og der igjennom har ein 2 moglege bompengeprosjekt for ei strekning på 84 kilometer veg. Kommunestyra i Eid og Gloppen har allereie vedteke at ein ynskjer bompengar på brua Lote-Anda for å forsere byggestart og framdrift. Gitt dagens trafikktal vil ei bru her vere nedbetalt i løpet av 15 år eller mindre. Alternativ K6 har ei lengde på 84 km og er kostnadsrekna til 8,6 milliardar kroner noko som i følgje Statens vegvesen vert for mykje pengar å bruke på denne strekninga. At strekninga Volda-Ålesund som er kun 54 kilometer lang skal koste 9,7 milliardar er derimot heilt OK i følgje det same vegvesenet.
Desse konklusjonane framstår for Nordfjord og Sogn og Fjordane sitt vedkomande som svært urettferdige og vitnar om grov ned- prioritering av innbyggjarane og næringslivet sine behov i regionen.
Gode samferdsleløysingar er den viktigaste faktoren for effektiv næringsutvikling og busetnadsvekst i ein region.

Sikkerhet
Eit anna viktig element i val av trase for E39 er sikkerheta til øyeblikkeleg hjelp pasientar i Nordfjord. Ved tilrådinga om indre linje har vegvesenet sett heilt vekk frå dette elementet i kraft av at igjen får ytre Nordfjord 64 km lenger veg til sentralsjukehuset i Førde etter at Helse Førde no har klart å fjerne akuttberedskapen ved Nordfjord sjukehus.  Dette vil i mange tilfelle bety at liv kan gå tapt. Sist dette vart demonstrert på ein rimeleg klar måte var under orkanen Dagmar i julehelga. Då kunne ikkje ferja gå på grunn av dårleg ver. Vidare var vegen stengt fleire stadar langs omkjøringstraseen i indre Nordfjord på grunn av ras og tre som sperra vegen.

Statens vegvesen si rolle
No har vel aldri Statens vegvesen hatt ansvar for regional utvikling og har heller aldri vist at dei er særleg opptekne av dette i vår region. Det dei imidlertid no bidreg med er næringsnedbygging i ein heil region og dette er alvorleg.
Utrekningane som ligg til grunn for tilrådinga er det all grunn til å stille spørsmålsteikn ved fordi ein opererer med feil trafikkgrunnlag for eksisterande trase og feil reisetider for det midtre alternativet i tillegg til alle dei tidlegare nemnde for regionen svært viktige elementa som ein har valt å sjå heilt vekk frå.
Som ein kuriositet kan nemnast at Statens vegvesen nyleg rekna 11mrd.feil på ein vegstubb mellom Søgne og Ålgård. Under møtet med mellom vegvesenet og fylkesordførarar/ordførarar langs traseen var det ingen som var opptekne av å finne andre prosjekt i regionen som ein kunne utsette eller ta pengar frå for å finansiere dei 11 milliardane ein plutseleg mangla, nei dette var staten sitt ansvar og dermed var saka ute av verden og saka lagt død. I vår region er vi befolka med eit folkeslag som er svært nøysame og som er svært bekymra for staten sin bruk av pengar og støttar gjerne opp om vegvesenet sin argumentasjon om å spare 2-4 milliardar i vår region. Det beste er om muleg å hente pengar frå andre prosjekt i regionen for å spare staten for pengar. Vi håpar og reknar med at Samferdsleministeren har litt meir gangsyn enn som så og ser behovet for utvikling også i vår region.
Når vi kan låne ut 61 milliardar frå oljefondet til 1.8 % rente til bygging av Autobahn i Tyskland vert det nærmast latterleg at vi her til lands skal operere med eit avkastningskrav på vegbygging på 4,5 prosent og ei levetid på investeringane på 25 år medan ein i Sverige har 40 år, Danmark 50 år og Storbritannia 60 år. Til alt overmål vert lånefinansiering av vegprosjekt belasta med 6,5% rente. Dette er ein av hovudgrunnane til at ein i lange tider har klart å rekne ut at det ikkje løner seg å bygge vegar i dette landet. Det er ikkje Statens Vegvesen sin feil at desse premissane ligg til grunn, det er mest av alt eit politikaransvar.

Vi treng fleire og betre vegar
Vi treng betre og fleire vegar for å utvikle dette fylket til å kome i nærleiken av nabofylka nord og sør for oss med tanke på verdiskaping og næringsutvikling.

RV60 Byrkjelo-Stryn
Døme på dette er RV60 mellom Byrkjelo og Stryn. Delar av denne vegen er kåra til landets verste veg og inneheld mellom anna ein av dei verste fjellovergangane i Sør-Noreg nemleg Utvikfjellet.  Her står trailerar faste med jamne mellomrom på vinterstid. På sommarstid er det dagleg trafikkork på grunn av smal vegbane fleire stader mellom Olden og Innvik.
Det pågår utbetringsarbeid på strekninga, men ein treng i tillegg tunnel under Utvikfjellet for å eliminere denne flaskehalsen.

Kystvegen
Det å ta seg fram langs kysten i Sogn og Fjordane, er ikkje eit prosjekt for folk med dårleg tid. På grunn av manglande og dårlege vegar er det store problem med å forflytte seg effektivt. Det vert arbeidd med eit prosjekt mellom Måløy og  Florø som skal korte ned reisetida til 45 minutt mellom desse stadane. Dette er eit prosjekt som vil binde Ytre Sunnfjord og Ytre Nordfjord saman til ein felles arbeids/pendlar region.  Dersom stortinget i tillegg vert ferdig med utgreiingane om Stadt skipstunnel vil ein kunne forlenge kystvegen i kombinasjon med skipstunnelen nordover til nabofylket. I tillegg treng ein samanbinding vidare sørover i fylket langs kysten. På Lutelandet i Fjaler er det på gang interessant næringsutvikling men på grunn av manglande vegar er det svært tungvindt og tidkrevjande å forflytte seg langs landevegen i dette området.
Det Sogn og Fjordane treng er meir vegar slik at næringsutviklinga kan få eit løft. Vi har mange ressursar i dette fylket dersom vi får ein infrastruktur som gjer at det vert effektivt å drive næringsverksemd her.

Konklusjon
La den opprusta og nye E39 bli ferjefri og legg vekt på kortaste veg samt utvikling og samanbinding i regionen som vegen går gjennom. Legg til rette for eliminering av eksisterande ferjer Lote-Anda og Voda-Folkestad og erstatt desse med 2 bompengeprosjekt som kan hjelpe til å betale rekninga for vegen. Befolkninga i området betaler allereie bompengar i form av ferjebillettar. Dette vil gje utvikling i regionen og kan og forsere bygginga monaleg.

Legg igjen kommentar