Takk for samarbeidet i 2011!

Postet 31. desember 2011 |

Samfunnsdemokratane ønskjer alle eit godt nyttår, samstundes som vi vil takke for samarbeid og støtte i partiet sitt første år.

2011 har vore eit viktig år og 2012 blir endå viktigare. Vi ser at prioriteringane til dei som styrer landet utset oss for stor risiko.

Samfunnsdemokratane sitt program har vekt på større grad av sjølvberging og mindre sentralisering. Hendingane i romjula har vist at det blir viktig å ha tilgjengelege nødløysningar når naturkreftene viser seg frå si verste side. Gloppen har både flest og størst privat eigde kraftverk. Likevel var bygdene våre utan straum, vatn, veg, nett og telefon forbindelse i fleire døgn med fare for liv og helse.

Samfunnsdemokratane sin politikk blir viktigare enn nokon sinne.

Og stor takk til alle frivillige og til alle som har jobba døgnet rundt for tryggheita til folk; helsevesenet, matforsyning, på vegar, linjer og nett.

Vi ønskjer nye og gamle medlemmar eit godt nyttår og velkomne til ny innsats i 2012.

 

Legg igjen kommentar