Samfunnsdemokratane sin alternative økonomiplan i Gloppen 2012-2015‏

Postet 18. desember 2011 |

Framlegg frå Samfunnsdemokratane til sak 064/11 Økonomiplan 2012-2015

  1. Endringar i budsjettprosessen

Samfunnsdemokratane foreslår at det skal utarbeidast nye rutinar for budsjetthandsaminga i Gloppen kommune, herunder omforeinte fristar for framlegging av budsjett til politisk handsaming som sikrar ei forsvarleg tidsramme for handsaminga av komande års budsjett.

Vi foreslår også at reglementet for framlegging av saker til politisk handsaming vert endra slik at sakene vert lagt fram for politikarane med tidsfrist på 5 virkedagar før møta.

  1. Endringar i tekstdelen:

Føringar om arbeidet kring Gloppen-stasjonane, der leigeavtalen går ut i 2016, skal innarbeidast som ein tekstleg del i økonomiplanen. Rådmannen får fullmakt til å utarbeide tekst.

  1. Endringar i investeringsbudsjettet:

Breim barnehage vert skrinlagt og ombygginga av Reed skule vert midlertidig stansa. Reed skule skal takast i bruk for å løyse kommunen sitt behov for 8-10 nye heildøgnsomsorgsplassar i samband med innføring samhandlingsreforma. Om mogeleg skal ombygging og prosjektering skje i samarbeid med Reed Bygg.

Midlane som er avsette til Breim barnehage vert omprioriterte til følgjande investeringsprosjekt:

  1. Innkjøp av barnehagebuss (2,5 mill = 22 plassar for barn 3-6 år)
  2. Deretter vurdere tilpassa behov for renovering av dei to barnehagane som er på Breim i dag.
  3. Byggje nytt formingsbygg ved Gloppen ungdomsskule
  4. Ombygging av Reed skule til å møte utfordringane i samhandlingsreforma
  5. Legge fast dekke på vegen til Ryssfjøra
  6. Investeringsmidlar til Kyrkjeleg Fellesråd (mellom anna gravplass Sørstranda)
  7. Det må utgreiast vidare mulegheiter for å utvide campingplassen i Bukta.

 

Midlane med rest kr 14.750.000 (jfr.F-sak 1.12.11), vert sett på fond inntil rådmannen har utarbeidd konkrete budsjettal på alle desse ulike investeringsprosjekta.

Dei andre postane som i rådmannen sitt framlegg.

  1. Endringar i driftsbudsjettet:

Dei 900.000 kr kulturutvalet har funne feilpostert skal brukast til å auke grunnbemanning på dei tyngste avdelingane innan pleie og omsorg og sikre dagtilbod i Sandane-området. Den auka grunnbemanninga skal evaluerast etter to år med omsyn på eventuelle endringar i sjukefråveret og utviklinga i deltidsstillingar.

Omfordele kr 400.000 kr på budsjettet til kulturutvalet til bruk for kyrkjeleg fellesråd utan at dette skal takast frå lag og organisasjonar.

Dei andre postane som i rådmannen sitt framlegg.

 

Legg igjen kommentar