E-39 Vegen til elende eller framtid?

Postet 25. oktober 2011 |

Anda-Lote står fast ifølgje Magnhild, Liv-Signe og Jenny sin valkamp!
Kan vi stole på det?

Samferdselsdepartementet skal i sin KVU innan utgangen  av denne månaden foreslå kor E39 skal gå igjennom fylket vårt.
Magnhild Meltveit Kleppa, Samferdsleministeren, må stå ved valløftet sitt (ilag med paritvenninnene) for å binde ein heil region saman og skape ein stor bu – og arbeidsmarknad på 60.000 menneske, gjennom ei bru over Lote-Anda.

Men det er igjen mørke skyer i horisonten for Sogn og Fjordane sin del, for mykje tyder på at Statens vegvesen i si faglege vurdering tilrår ei løysing som fullstendig ignonerar omsynet til fylket si framtid, og utelukkande tek omsyn til dei som skal mellom Bergen og Ålesund, på bekostning av dei som bur og skapar verdiar i aksen Skei-Volda.

Grunnlaget  for den ”faglige vurderingen” er full av manglar og i noken tilfelle direkte feil, lik alt anna som gjeld staten sine innspel om Nordfjord, jfr. Helse-og kystdebatten.
Nokre eksempel: Feil trafikktal, feil i bompengegrunnlag, næringsutvikling og bulyst er ikkje med, tilgong til sjukehus og flyplass er ikkje med, kostnader vert overført til Sogn og Fjordane fylkeskommune ved omklassifisering til fylkesveg, og slik kan vi halde fram.
Kvifor kom dåverande samferdslemnister Liv Signe med milde gåver som sparte Kvivsvegen for bompengar?
Kvivsvegen er vegutløysing for indre Nordfjord og aust-vest-sambandet.
E-39 SKAL gå nord-sør og utløyse ein ny bu –og arbeidsregion på 60.000 menneske!

Samferdsleministeren er hermed invitert til Gloppen for å fortelje folket her om dei faglege vurderingane dersom dei tilrår noko anna enn bru Anda-Lote!

Vi finn oss ikkje lenger i å bli overkøyrde av staten i sak etter sak som angår oss som bur i regionen.

I Samfunnsdemokratane (SD) sitt program står det: sjå samfunnsdemokraten.no (program)

Prioritere utbygging av infrastruktur som utløyser felles bu- og arbeidsregionar. Herunder arbeide for realisering av bru mellom Lote og Anda innan 2020. Høgda på denne brua skal vere slik at den ikkje hindrar turistskips-trafikken til indre Nordfjord. Sikre at traseen til E39 vert følgjande dagens trase gjennom Stigedalen med bru over Voldafjorden slik at den tener som bindeledd mellom kommunane som den går gjennom samstundes som den sikrar raskast mogleg transport gjennom regionen. Ruste opp heile E39 traseen slik at den samsvarar med europeisk standard (8,5m bredde).

Nordfjord blir igjen  bokstaveleg tala overkøyrde av dei styrande!

No må det politiske miljøet i dette og andre fylke reise seg og seie klart i frå at dette er umuleg å godta!
Vi aksepterer ikkje løysingar som er feil begrunna og som er lettvinte for staten når det er fullt muleg å utvikle fylket og denne delen av vestlandet for framtidig verdiskaping!

Legg igjen kommentar