Breim Kraft A/S – fråsegn til melding om utbyggjingsplan i Storelva i Gloppen.

Postet 23. september 2011 |

NVE

Konsesjonsavdelinga

Postboks 5091 Majorstua

0301 Oslo

 

 

I utgangspunktet er ikkje SD mot vasskraftutbygging fordi vi ser at det er ein viktig bidragsytar for å oppretthalde arbeidsplassar i jordbruket og busetnaden i distrikta. Vasskraft er og ein fornybar og rein ressurs.

Men inngrepa i naturen kan verte store, slik det er tilfellet med den planlagde utbygginga av Storelva i Breim. Grunneigarane har her lagt fram ein omfattande utbyggingsplan som vil få konsekvensar for m.a. fiske og naturoppleving.

Det mest dramatiske, sett frå SD sin synsstad, er at Breimsvatnet som er tenkt nytta som massedeponi, er drikkevass-kjelde.

Andre tilhøve som treng ekstra utgreiing:

–         Fjerning av vatn frå elveosen

–         Sterkt redusert minstevassføring

–         Store fysiske inngrep i Lindvika og Seimestranda

 

Samfunnsdemokratane går sterkt imot ei utbyggjing av Storelva slik planane framgår av konsesjonssøknaden. Eit ufråvikeleg krav må vere at massane blir deponerte på land og nytta til utvikling av nærmiljøet.

Alternativet med kraftstasjon godt ovanfor Seime bru må utgreiast

1. Breimsosen må bevarast mest mogleg  intakt

2. Massedeponi må ikkje leggjast til Breimsvatnet. Samfunnsnyttig bruk av steinmasser må utgreiast.

Gloppen 14.08.2011

 

For SD Sogn og Fjordane,

 

Gunnvor A. Sunde

leiar

mob. 97955677

post@samfunnsdemokraten.no

 

Kopi til:

Breim Kraft A/S

Gloppen kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Fylkeskommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Store dimensjonar i kraftbransjen.

Legg igjen kommentar