Samfunnsdemokratane i Fylkestinget

Postet 6. september 2011 |

Det er utruleg å følgje argumentasjonen i helsedebatten etter innslag på TV2 i går.
Ord som, “følelsar overstyrer fornuft” når det einaste vi ber om er mulegheiter til ei verdig helseteneste i nokelunde nærleik av der vi bur og arbeider og skaper store verdiar som fellesskapet tener på.
Akutt-og føde er basistenester, og dette skal fjernast frå oss. Vi hadde en av dei beste ortopediane i landet, no skal folk heller stå i kø eit år for å kome til i Oslo eller Bergen?
Fødeavdelinga skal vekk, men vi treng arbeidskraft og busetnad for å ta ut verdiskapinga her.
Kor er samfunnsgevinsten? For ikkje å snakke om lidelsane og usikkerheita til sjuke og gravide!
Vi er hardtarbeidande, og forlangar lite.
Utan unntak er folk som tek seg bryet verdt med å kome hit, imponert over nye arbeidsplassar og dugnadsånda for å ta dette landet i bruk, og hente mulege verdiar i Sogn og Fjordane.
Når landet skal visast fram er det Vestlandet og store ord, då forventar vi å sleppe å be om akuttilbod nærare enn 4 timar reisetid, også fordi vi har store besøkstal, t.d. med cruicetrafikken. Vi har og ansvar for å vere i beredskap for dei som besøkjer oss.
Etter 20 år i AP var det ingen veg utanom å melde seg ut, og vi har fått eit nytt alternativ til årets kommune-og fylkestingsval, Samfunnsdemokratane, som vil ta vare på samfunn, store og små.
Heile helse-Norge slit. 1000 oppsagde i Oslo, det går utover pasientane der, då hjelper det vel ikkje at vi frå Sogn og Fjordane kjem og forlengar køane.
Eg ventar på svar frå Statsministerens kontor, det hjelper ikkje å sende henvendelsane vidare til HOD (Helseminister Anne Grete) eller kor som helst, og vissvass-svar til ei adresse med gards-og bruksnummer som eg aldri har budd på, det hastar!
Og til alle som fekk e-post frå Samfunnsdemokratane FØR tragedien i sommar, eg må seie det er dårleg med initiativ frå våre øverste folkevalde for eit betre helsevesen.
Samfunnsdemokratane har starta den lange valkampen mot Stortingsvalet.
Vi seier som andre har sagt, kor går pengane? Bygg opp Norge for framtida!
Seinast i dag høyrer vi at Sogn og Fjordane er dårlegast på gründerverksemd, men først må vel folk ville og tore å busetje seg her!
By og land hand i hand burde vere eit kjent slagord for AP, kva har skjedd med innhaldet?

 

 

Legg igjen kommentar