Nytt forkjøpsretten til aksjane i Fjord 1

Postet 23. august 2011 |

Sogn og Fjordane fylkeskommune bør nytte forkjøpsretten på aksjane som er til sals frå Møre og Romsdal fylkeskommune av fleire grunnar.

Selskapet leverte siste rekneskapsår eit overskot på 268 mill. kroner før skatt. Eigenkapitalen var pr. 31/12-10 1.168 mill. kroner.  Dersom ein nyttar prosentrekning på dette talet og legg inn 41 % som Møre og Romsdal sin aksjepost utgjer kjem ein til talet 478.880 mill. kroner.  Ved ein salssum på kr 360 mill. betyr det at andelen vert selt med ein rabatt på 112 millionar kroner.  Dette er faktisk ganske mykje pengar.   Ved å nytte forkjøpsretten vil ein på kort sikt få opp salsverdien på aksjeposten til det som bør vere den faktiske salsverdien.  Ein mogleg kortsiktig gevinst på over 100 millionar er ikkje kvardagskost for det politiske Sogn og Fjordane. Dersom ein faktisk kjøper aksjeposten vil ein sitte på 100 % eigarskap til ein svært gunstig pris i høve til bokført verdi.

Fjord 1 er eit av dei best drivne rutebåtreiarlaga i heile landet. Dette selskapet har i dag hovudkontor i Florø. Florø og fylket har mange attraktive kompetansearbeidsplassar knytt til denne aktiviteten.  Det er selskapet si leiing og organisasjonen som har skapt verdiane i selskapet, ikkje eigarane. Det vert difor mildt sagt merkeleg om eit så veldrive selskap skulle vere nødt til å hente driftskompetanse frå ei supplybåt rederi, som absolutt ikkje har erfaring med ferje/buss/rutebåt drift i det heile, for å overleve i framtida.  Synergieffektane eksisterer så godt som ikkje. Dersom organisasjonen i Fjord 1 treng å få tilført kompetanse kan denne kjøpast på vanleg måte i marknaden ved å tilsette endå fleire høgt kompetente arbeidstakarar.  Det er kompetansen som står for den daglege drifta og dei strategiske avgjerdslene som gjev resultat over tid.

Eigarskapen i Fjord 1 dreiar seg om 2 vesentlege ting: Kompetanse arbeidsplassar og inntekter til fylkeskommunale investeringar i veg, skular, idrettshallar mm. Fjord 1 er det fylkeskommunale selskapet som bidreg med mest midlar til fylkeskommunen ilag med SFE.  Vi treng alle dei inntektene og kompetansearbeidsplassane vi kan få.  Som 100 % eigar står ein fritt til å forvalte arbeidsplassane i selskapet og kan om det gagnar selskapet flytte fleire av desse til fylket.  Dette er sårt tiltrengte arbeidsplassar som fylket treng. Det er ingen som driv veldedighet i forretningsvera, det er makta som rår over alt.

Det er svært sjeldan at dei folkevalde har høve til å tilføre fylket så mykje både inntekter og kompetanse arbeidsplassar som ein har høve til gjennom å overta dette selskapet 100 %. Det er lov å vere patriot,  eller er det viktigare å lytte til kva dei meiner i Bergen, Fosnavågen eller i Molde om korleis vi i Sogn og Fjordane skal forvalte våre verdiar?  Eller gjerne ein eller annan forståsegpåar frå Oslo (aller helst Trygve Hegnar..)?

Drift av ferjer og rutegåande materiell er i dag anbodsbasert. Dersom selskapet gjennom nye konsesjonsrundar treng å investere i nytt materiell vil desse investeringane måte sikrast gjennom anbodsprosessen der ein sikrar seg dekning for dei investeringane som til ei kvar tid må gjerast. Det vil ikkje vere aktuelt at eigarane skal finansiere nytt materiell gjennom direkte tilføring av kapital.  Selskapet har i dag den mest moderne flåten av samanliknbare selskap og står godt rusta i den vidare konkurransen.

Med dei resultata som selskapet har produsert dei siste åra vil ei investering på 360 mill. vere nedbetalt på få år.   Det er ikkje mange private forretningsdrivande som har høve til å gjere ein slik transaksjon som takkar nei til dette.  Det er trass alt alle innbyggarane i Sogn og Fjordane som er medeigarar i dette selskapet og ikkje ei privat sfære av personar med særinteresser.  Så langt har selskapet vore godt drive og det har skapt store verdiar for eigarane, då framstår det rimeleg korttenkt å ikkje nytte eit slikt høve til framtidig gevinst.  Gjennom fylket sitt holdingselskap, står fylkespolitikarane fritt til å kjøpe opp aksjeposten.  Bruk dette høvet til å ta vare på verdiane som er skapte av den godt drivne organisasjonen.  Argumenta mot å kjøpe er den same skremselspropagandaen som i si tid skulle tilseie at vi burde selje alle aksjane i SFE til andre. Var det rett å selje den andelen som vart selt..?

Ved å ta kontroll i dette selskapet signaliserer ein at ein er opptekne av å bevare og utvikle kompetansearbeidsplassar i fylket.  Ved å gjere det motsette viser ein like tydleg at det er noko som ein snakkar om, men eigentleg ikkje meinar noko med. Folk med høgare utdanning bør derfor finne arbeidsplassane sine andre stader enn i vårt fylke.

Edgar Kvernevik

Sivilingeniør Skip/Marin teknologi

Samfunnsdemokratane 2.kand. Gloppen

Legg igjen kommentar