FYLKESBÅTANE (FJORD1)

Postet 18. august 2011 |

Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen! Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane.

Innan offentlege innkjøp av varer og tenester har utviklinga skapt nesten eit anbodshysteri i både stat, fylkeskommunar og kommunar. Redsla for å gjere feil, eller bli dømt i EØS-domstolen, har blitt ein stor trussel som svekkjer den politiske involveringa og handlingsrommet.

Dei politiske myndigheitene, inkludert den sitjande regjering, har mykje av ansvaret for dette. I stort omfang spyr dei ut regelverk og rettleiing som avgrensar handlingsrom og skaparevne.

Vi ønskjer å styrkje kampen mot forskjells -Norge og ei nedbygging av gode fellestenester. Styring og forvaltning av offentlig sektor er eit politisk ansvar og må halde fram med å vere under demokratisk kontroll.

Demokrati eller marknadsmakt. Offentleg eller privat velferd. Dette har lenge vore sentrale motpolar i kampen om samfunnsutviklinga. Samfunnsdemokratane vil ta makta tilbake, og utvikle Sogn og Fjordane og Norge til eit meir sjølvberga land, og Fylkesbåtane er med å styrkje kysten og heile Sogn og Fjordane.

Med båtruter og reiselivstilbod som held på arbeidsplassar, busetjing og turisme. Mange har sakna Englandsbåten. Fylkesbåtane kan starte rute Florø/ Måløy/England (via Shetland), ei Nordsjø-rute. Og vise fram fjordane våre som ligg høgast på Verdsarv-lista, om vi styrer skutene.

Samfunnsdemokratane vil ta vare på lokalt eigarskap og utvikle ålmenta sine verdiar. Vi vil ta makta tilbake gjennom kvalitetsutvikling med eigne tilsette, fjerne private sugerør frå fellesskapet sine verdiar, og ha kontroll med fellesskapet sin eigedom i demokratiske prosessar. Samfunnsdemokratane sin politikk ligg til sentrum/venstre med blandingsøkonomi Det offentlege må bevare verdiane og strukturane som høyrer deg og meg til, og legge til rette for private aktørar der markedet kan styre.

 

Legg igjen kommentar