Kva blir det att av Sogn og Fjordane når kjøttvekta får råde?

Postet 21. juli 2011 |

http://www.de-facto.no/bilder/090615OrtopediplanenforHelseForde2.pdf

Samfunnsdemokratane skulle ønskje alle Sogn og Fjordingar ville lese de-facto-rapporten (som ligg i linken over her) og sjå kva som heile tida har vore planen med helsetilbodet i Sogn og Fjordane, tross fine formuleringar i Soria Moria. Dette er nok det næraste vi kjem fakta i helse-saka.Konsekvensen er sentralisering, noke Samfunnsdemokratane er imot, om vi skal kunne ta heile landet i bruk til fortsatt busetjing og verdiskaping.

Det må snart bli muleg å konsekvensutgreie. Skal ein vere ein påliteleg arbeidsgjevar og tenesteytar er det feil av Helse Førde å setje ned nedbemannings-oppseiingsutval den 1.juli for å legge ned viktige helsetilbod frå 1.august, når lovlege vedtak seier noko anna, og uansett lokalisering.

Kva kostar det å ha ca.180 i arbeidsdyktig alder gåande sjukmelde? Det kan sikkert Nav svare på.
Så har vi smertene det påfører, kva med å vere medmenneske?
Dei som står på vent til kikholsortopedi må nødvendigvis vente om dei skal få same tilbodet, når det vi har her i fylket skal leggast ned 1.august
Undrar meg på om reaksjonane hadde vore like fråværande om dette gjaldt sentrale strøk?

Makta ilag med kjøttvekta rår som vanleg! Ilag med splitt og hersk (gje smular til nokre) tilbakehalding av fakta (manglande konsekvensutgreiing), for ikkje å seie truslar om lojalitet, som er kjende herketeknikkar alt saman.
Lojalitet: lojaliteten til helsearbeidaren bør ligge hjå pasienten og den fødand
Fagstoltheit: fagstoltheita mi ligg i å lage god mat, om rammene blir umuleg for å få det til, må eg ta det opp, som fagperson.
Kor er fagforeningane? Eg har sendt utmeldinga til Ap, eg kladdar på utmeldinga til LO-forbundet
Kvalitet og kompetansemiljø er noko anna enn kjøttvekt og å true til tausheit
Rausheit og framsnakking er for framandord å rekne i dette fylket, det kjem vi alle til å tape på!

Det neste blir at Samfunnsdemokratane snakkar for mykje om helse. Til opplysning så har vi starta den lange valkampen fram mot Stortingsvalet 2013, noke må gjerast med styringa av dette landet!

Vi startar arbeidet med liste til fylkestingsvalet i haust.

Legg igjen kommentar