Ope brev til Regjering og Storting: Om lønsam samfunnsrekneskap og beredskap.

Postet 11. august 2017 |

24.07.17 opplevde deler av landet uvær med store nedbørsmengder og lynnedslag, som førte til store ødeleggingar, særleg i Nordfjord.
Hus, eigedomar, gardsbruk, vegar og bruer vart raserte, og mange blei utsette for personleg tap og liding.

Samfunna våre er svært sårbare når vi står utan nødvendig samband: veg, vatn, straum, telefon og nett.
Slik eg ser det opplever vi og stor grad av ansvarsfråskriving, der vedlikehald av vegar, bruer og elveløp har blitt skadelidande.

Gloppen kommune arrangerte møte der også NVE, Fylkesmannen og forsikringsordningar var representerte.
Der fekk vi inngåande kjennskap til at å førebyggje er uforeinleg med norsk lovverk. Utruleg! Her MÅ LOVENDRING til, det må løne seg å førebyggje, og det må løyvast nok midlar til at det både kan førebyggjast og reagerast raskt når tiltak om utbetringar blir melde inn.

Elveløp, bruer, vegar, vassforsyning og elforsyning må jamleg vedlikehaldast, kort sagt all infrastruktur.
Situasjonen vi opplever i Nordfjord, er eit godt eksempel på etterslep i oppryddings- og førebyggingsarbeid.
For å unngå personleg tap og liding, i tillegg til tap for næringslivet må ansvar for vedlikehald klargjerast, og beredskapen stykjast med lokal kunnskap og alternativ.

E-39 som i dette tilfellet skulle fungere som omkøyring, fungerte dårleg med for dårleg  ferjekapasitet. Dette er gamalt nytt! Ferjestrekninga Anda-Lote på E-39 har hatt problem sidan ferja som gjekk her vart flytta. Det har vore teke opp med dei ansvarlege uttallege gongar, og no vart svært mange tilfeldig offer for dårleg beredskap. Det er utruleg at dette skal fortsetje over så lang tid.

Stortinget må no syte for lovverk som favoriserer førebygging og klare ansvarsgrenser, med god beredskap. Ellers vil vi sjå mange slike situasjonar i landet vårt dei komande åra.

I denne situasjonen, som dessverre har oppstått må det løyvast ekstra midlar, så oppryddinga og hjelpearbeidet får fortgong.
Og aller mest førebygging må løne seg!

Venleg helsing

Gunnvor A. sunde
Leiar Samfunnsdemokratane
Kommunestyrerepresentant i Gloppen

Legg igjen kommentar