Årsmøteuttale Samfunnsdemokratane 19. Mai 2017

Postet 21. mai 2017 |

Fritidsaktivitetar for barn og unge.
Utfordringsdokumentet som er skreve om Gloppen kommune, syner nokre utfordringar i høve fritidsaktivitetar for alle.
Vi har eit bredt fritidstilbod: idrett, musikk, dans, sjakk, Barnas Turlag og 4H for å nemne noko. Brorparten av aktivitetane er knytt til idrett eller musikk/kultur, og dei som ikkje interesserar seg for det har lite å velje i.
Fritidsaktivitetar tilfører barna kunnskap og ferdigheiter, det kan gi gode meistringsopplevingar og fremje engasjement for, og tilknyting til lokalsamfunnet.
Samfunnsdemokratane meiner det er for få uorganiserte møteplassar med anna innhald enn idrett og musikk. Vi ønskjer oss meir motorisert aktivitet og utfordringar for dei som ikkje gjer seg bruk av idrett og musikk-tilboda.
Nokre barn har store barrierer og treng mykje hjelp til å vere med i aktivitetar. Fritidsaktivitet for barna krev foreldre som følgjer opp. Foreldre med ulike problem i livet sitt kan i periodar ha vanskeleg for å fylle denne rolla. Dess yngre barna er, dess meir avhengige er dei av at foreldra er pådrivarar i høve til det sosiale. Det er urovekkjande når Ungdomsrådet peikar på at dei som ikkje er med på noko på fritida ofte blir litt utanfor i friminutta på skulen og.

Kommunen treng eit barneombod og aktivitørar for dei som fell utanfor.

Legg igjen kommentar