Uttale vedteken på Samfunnsdemokratane sitt årsmøte19.mai 2017

Postet 20. mai 2017 |

Friske midlar må inn i Jordbruksforhandlingane!

Dagen før jordbruksforhandlingane i år starta, vedtok Stortinget ein ny landbrukspolitikk med hovedmål om å auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar.

Stortinget vedtok også eit mål om å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre yrkesgrupper, dette er umuleg å få til med omfordeling. Bønder, som alle andre, lever av kroner, ikkje prosentar! Eit årsverk i landbruket må kunne samanliknast med andre årsverk.

Staten må no kome bøndene i møte med ei inntektsutvikling på linje med andre yrkesgrupper. Både små, mellomstore og store bruk er avgjerande for at det skal produserast like mykje mat av like god kvalitet som før.

Regjeringa sitt tilbod er i utakt med Stortinget si jordbruksmelding, dette vil gå utover norsk matproduksjon.

Kulturlandskapet skal skjøttast, og for at areal i heile landet skal takast vare på og nyttast, må det friske pengar inn i jordbruksoppgjeret.

 

Legg igjen kommentar