Valkampen er i gong!

Postet 22. april 2017 |

No får vi stadig vekk besøk av ministrar og stortingsfolk også i distrikta, så distriktsstemmene tel visst enno.
Arbeiderpartiet har landsmøte denne helga, der ei av mange viktige saker er å få vekk K-en for kristendom i undervisninga.
Og sidan kjem saka om flagget vårt, å få bort krossen.

Samfunnsdemokratane nærmar seg årsmøtet sitt og det skulle ikkje undre leiaren om vi går inn for å halde på flagget vårt slik det er i rødt, kvitt og blått.

Identitet er og å halde på eigen kulturarv i møtet med mange nye skikkar og nasjonalitetar.
Norge sitt demokrati er bygd på likskap og brorskap.
Slik det ser ut no kan valkampen bli eit verdival, eit val for dei norske verdiane.
Og kven står då sterkast, høgre eller venstresida?
Ja. Det får hausten vise!

Legg igjen kommentar