Viktig møte i Gloppen kommune

Postet 25. mars 2017 |

Samfunnsdemokratane støttar ordføraren si oppmoding og oppfordrar
Glopparar/ Sandensarar om å ta del:

Sitat: “Onsdag 29. mars er det ope folkemøte på Gloppen hotell frå kl
19 – 21 om parallelloppdraget for Sandane sentrum. Her presenterer dei
to fagteama som kommunen har engasjert – Lala/Pushak og
Haugen/Zohar/Asplan Viak – sine innspel til løysingar og framtidsskisser
for Sandane sentrum. Dei to fagteama har mykje fagkompetanse på
utvikling av tettstader, og dette er kunnskap som vi kan nytte også inn
mot dei andre tettstadane i kommunen.

Eg håpar kommunestyret har høve til å delta på folkemøte, og få
kunnskapspåfyll om korleis vi utviklar gode tettstader på menneska sine
premisser og med utgangspunkt i kvalitetar staden har. Dei to fagteama
gir oss fagkunnskap og eit blikk på Sandane sett utanfrå. Så er det til
sjuande og sist vi politikarar som avgjere kva anbefalingar vi har trua
på for Sandane sentrum.

Prosessen etter folkemøte er at evalueringskomiteen gjere ei fagleg
vurdering av dei løysingane dei meiner er best for Sandane, og leverer
ein sluttrapport i løpet av april. Denne skal handsamast politisk i
formannskapet, og er grunnlaget for det vidare arbeid med ein
områdereguleringsplan for Sandane sentrum.” ordførarsitat slutt.

Arrangementet ligg på heimesida og facebooksida til Gloppen kommune.
Velkomne til gode framtidsdiskusjonar :)

Legg igjen kommentar