Stopp nedlegging av livreddande helsetjenester

Postet 26. januar 2017 |

Å sjå på forsida til det landsdekkjande NRK og finne dette på forsida, det var trist, vil ikkje kalle det overraskande, då ingenting overraskar lengre!
Utan akuttkirurgi, kan ein ikkje kalle det fullverdig akuttsjukehus, og dette forventa eg at ein seksjonsleiar i vårt eige helseføretak visste. Det neste som er urovekkjande er at seksjonsleiaren ikkje vil uttale seg om tilbodet andre stader i landet; kvifor ikkje når det er denne modellen helsemnisteren byggjer nedbygging av akutte tenester i heile landet på?
Å gå ut slik, er å gå god for Høie sine planar, fordi ein allereie har uttalt seg, så no må både tilsette og andre vere rolla si bevisst!
Det er nok å nemne eit eksempel: ambulansefolk som trassa køyre-ordre til Førde ( for mange er regionsjukehuset i Sogn og Fjordane 2-2,5 timar unna), berga liv ved å køyre til regionsjukehuset som låg nærast, nemleg Volda, i staden. Det kan eg hugse å ha lese og blitt fortalt ved fleire høve, er det og feil då?
Vedkomande håpar eg lever og kan fortelje historia si, slik at bildet blir litt meir nyansert. Finst vel internkontroll/ logg i Helse Førde som kan stadfeste slikt?
I dag har eg blitt oppringt frå før eg var opp av oppbrakte folk som høyrde nyheitene lokalt i dag, der denne saka var oppe, så bildet er nok ikkje så rosenraudt.
No må både fagfolk og politikerar slutte å blande akutt med planlagde inngrep, og kven er største taparane, mange men aller mest kvinner som må langt unna for å føde (rart det minkar med folk på bygdene?) Og akutte hendingar kan vi aldri forutsjå.
Eg er og interessert i økonomi, dyr anestesi-lege-vikar-stafett som kunne vore nytta annleis, til alle sin fordel. Og god start eining, der fødande må føde andre stader, for å flyttast (har hatt nokre fødslar sidan eg er mor til mange), riktignok ikkje på dette sjukehuset, men eg unner andre tryggleik i ein sårbar situasjon.
Mykje er blitt bra (fordi noken kjempa i sterk motvind) på Nordfjord sjukehus, men slutt å gå god for at helseministeren kan legge ned akutte tenester for andre!
Det blir ein dag i morgon, då føretaksleiinga skal få dommen, etter mistillits-granskinga som nær sagt alle tilsette, 10 forbund, reiste mot leiinga, etter at tilsette også på sentralsjukehuset “oppdaga fryktkulturen”, for dette er ikkje noke nytt.
Eg er nok noke desillusjonert angåande utfallet av det, etter slike oppslag i dag. Høgre og Høie lovde å fjerne føretaksmodellen som kostar oss dyrt, kva gjer han? Tek vekk akuttenester, slik eg ser det: grunna slike utsegner som denne!
Godt at Singer, ein privatperson frå mi eiga heimbygd som sytte for at sjukehuset vart bygd, er i grava, han ville ha gremmest over korleis arven blir forvalta.
Stå på Odda og resten av landet, Nordfjord er ikkje fullverdig akuttsjukehus, med dei fire viktigaste komponentane; vi har indremedisin, røntgen, anestesi (dyr innleid lege-stafett) og manglar ei svært viktig brikke, nemleg: akuttkirurgi. Planlagd kirurgi 60 dagar i året, kva er det?
Akutte hendingar kan aldri planleggast, vi styrer ikkje været og vi opplever stengde vegar, og kor ofte har ferja lege fast og ambulansehelikopteret ikkje kan fly?
For meg er det ufatteleg at ansvarlege kan stå fram slik.

Lenke her.

Legg igjen kommentar