Regionreforma på vestlandet

Postet 23. november 2016 |

Samfunnsdemokratane (SD) har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Merknaden vår er bygd mykje på dei same argumenta som vart vedtekne i Gloppen kommunestyre, og ei avvising av det dei tre fylkesordførarane har lagt fram. Dette er ei altfor viktig avgjerdsle til at tre fylkesordførarar på vestlandet, skal avgjere framtid og utvikling i ein svært viktig region i landet vårt. Ein region samansett av Rogaland, Hordaland og Sogn og fjordane vil i utstrekning vere altfor stor til å løyse oppgåver som oppbygging av infrastruktur/ kollektivtilbod, vidaregåande skule-tilbod og tannhelsetenester på ein tilfredstillande måte, og ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye oppgåver. Samfunnsdemokratane er for lokalt eigarskap og å nytte best muleg lokale verdiar, medan regionreforma er slik vi ser det, ei storstila sentralisering, utan at folket får uttale seg gjennom folkerøysting, altså er regionreforma også eit demokratisk problem. Det er heilt nødvendig med lokal kunnskap både innan infrastrukturbygging og utføring av regionale tenester. Intensjonsplanen sitt hovudmål 6 opnar for at dei tre energiselskapa BKK, SFE og LYSE skal forvaltast på ein annan måte enn i dag. Det er sannsynleg at sentrale styresmakter vil krevje fusjon/samanslåing av nettdelen til desse selskapa med uheldige verknader for arbeidsplassar i Gloppen og Flora kommunar.

  1. Samfunnsdemokratane vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande intensjonsavtale.
  2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og Romsdal.
  3. Samfunnsdemokratane er sterkt uroa over at intensjonsplanen ikkje omhandlar hjørnesteinsbedrifta SFE (Sogn og Fjordane energi) og sikrar denne med tanke på lokalisering og omfang av oppgåver i dei kommunane som i dag er vertskap for verksemda. Før intensjonsavtalen endeleg kan godkjennast må det ligge føre ordningar som sikrar eigarskap og arbeidsplassar i Sogn og Fjordane
  4. Ein stor region vil krevje ei valordning med utjamningsmandat.
  5. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Samfunnsdemokratane meiner at nynorsk som administrasjonsspråk og tenestemål må bli sikra før fylkestinget eventuelt vedtek intensjonsplanen.

Fleire kommunar, parti og ungdomar tek no til orde for at dette er ei forhasta reform (som fleire andre reformer før). La oss lytte til ungdomane, stem nei til den framforhandla intensjonplanen!

 

Legg igjen kommentar